1. Mosebok 3 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Syndefallet

1Ormen var listigare enn alle villdyra som Herren Gud hadde skapt. Han sa til kvinna: «Har Gud verkeleg sagt at de ikkje skal eta av noko tre i hagen?»

2Kvinna svara: «Vi kan godt eta av frukta på trea i hagen.

3Berre om frukta på det treet som står midt i hagen, har Gud sagt: Den må de ikkje eta av og ikkje røra; for då skal de døy!»

8Då høyrde dei Herren Gud som gjekk i hagen i den svale kveldsvinden. Og Adam og kona hans gøymde seg for han mellom trea i hagen.

9Men Herren Gud ropa på Adam og sa til han: «Kvar er du?»

10Han svara: «Eg høyrde deg i hagen. Då vart eg redd, fordi eg var naken, og så gøymde eg meg.»

11Då sa han: «Kven har sagt deg at du er naken? Har du ete av det treet eg forbaud deg å eta av?»

12Adam svara: «Kvinna som du sette til å vera hjå meg, ho gav meg av treet, og eg åt.»

13Herren Gud sa til kvinna: «Kva er det du har gjort?» Kvinna svara: «Ormen lokka meg, og eg åt.»

14Då sa Herren Gud til ormen:

«Fordi du gjorde dette,

skal du vera forbanna

framfor alt fe og alle villdyr.

På buken skal du krypa,

og mold skal du eta alle dine dagar.

15Fiendskap vil eg setja

mellom deg og kvinna,

mellom ditt avkom og hennar ætt.

Dei skal krasa ditt hovud,

og du skal hogga dei i hælen.»

16Til kvinna sa han:

«Stor vil eg gjera di møde

så tidt du er med barn;

med verk og vande skal du føda.

Etter mannen din skal du stunda,

og han skal råda over deg.»

17Og til Adam sa han:

«Fordi du høyrde på kona di

og åt av treet

som eg forbaud deg å eta av,

skal jorda vera forbanna for di skuld.

Med møde skal du næra deg av henne

alle dine levedagar.

18Torn og tistel skal ho bera,

og du skal eta av vokstrane på marka.

19Med sveitte i andletet

skal du eta ditt brød,

til dess du fer i jorda att;

for av henne er du teken.

Jord er du,

og til jord skal du atter verta.»

20Adam kalla kona si Eva; for ho vart mor til alle som lever.

21Og Herren Gud laga klede av skinn til Adam og kona hans og kledde dei med.

22Og Herren Gud sa: «No har mennesket vorte som ein av oss og kjenner godt og vondt. Berre det no ikkje retter ut handa og tek av livsens tre og et og lever evig!»

23Så viste Herren Gud dei ut or hagen i Eden og sette dei til å dyrka jorda, som dei var tekne av.

24Han dreiv mennesket bort; og austanfor hagen sette han kjerubane og det logande sverdet som svinga att og fram. Dei skulle vakta vegen til livsens tre.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help