Job 16 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Venene mine spottar meg

1Då tok Job til ords og sa:

2Eg har høyrt nok av dette;

brysame trøystarar er de alle.

3Vert det aldri slutt på tome ord?

Kva er det som eggjar deg til å svara?

4Eg kunne vel òg ha tala som de,

om de hadde vore i min stad.

Då kunne eg halde fine talar

og rist på hovudet av dykk.

5Men eg ville ha styrkt dykk med min tale

og ikkje spart på milde ord.

6Om eg tala, skulle det ikkje vanta på medynk,

og han tok ikkje slutt om eg heldt opp.

7Men no har Gud gjort meg kraftlaus!

Du øydde ut alle som høyrde meg til.

8Du tok tak i meg, og det vitna imot meg;

min sjukdom stod fram og klaga meg.

9I vreide og fiendskap riv han meg sund,

han skjer tenner mot meg.

Mine fiendar kvesser augo

10og spilar opp gapet mot meg,

dei slår meg hånleg på kinnet

og rottar seg saman mot meg.

11Gud har gjeve meg vonde menn i vald,

han har kasta meg i hendene på nidingar.

12Eg levde i fred, då riste han meg,

tok meg i nakken og knuste meg.

Han sette meg opp til skyteskive,

13hans piler kom mot meg frå alle kantar.

Nådelaust kløyvde han nyrene mine,

han lét min galle renna til jorda.

14Flengje på flengje reiv han i meg

og storma mot meg som ein krigar.

15Syrgjeplagg har eg sytt om min kropp

og bøygt meg audmjukt i støvet.

16Andletet mitt er raudt av gråt

og augneloka svarte,

17endå hendene ikkje er merkte av udåd,

og bøna mi er rein.

18Å, jord, du må ikkje gøyma mitt blod,

lat aldri mitt klagerop stilna!

19Eg har då mitt vitne i himmelen,

ein som talar mi sak i det høge.

20Venene mine spottar meg,

gråtande vender eg augo til Gud.

21Gjev han må la mennesket få rett hjå Gud

og avgjera striden mellom mannen og hans neste!

22For det er ikkje mange år før eg fer

den vegen som aldri fører attende.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help