1Godt namn er meir verdt enn stor rikdom;
å vera avhalden er betre enn sølv og gull.
2Rike og fattige møtest,
Herren har skapt dei alle.
3Den kloke ser ulukka koma og gøymer seg,
dei godtrune går på og må bøta.
4Den løn som gudsfrykt og audmykt gjev,
er rikdom og ære og liv.
5På vegen der dei svikefulle går, er klunger og snarer,
den som vil berga livet, held seg borte frå dei.
6Lær guten den vegen han skal gå,
så vik han ikkje av når han vert gamal.
7Rikmenn rår over fattige,
den som låner, må træla for den som gjev lån.
8Den som sår urett, haustar vondskap,
riset han brukar i sinne, tek slutt.
9Velsigning får den som er god mot andre,
for han deler sitt brød med dei fattige.
10Jag spottaren ut, så går tretta med,
og den skamlause striden får ein ende.
11Herren elskar dei som har eit reint hjarta,
den som talar med velvilje, får kongen til ven.
12Herrens augo vaktar den som har kunnskap,
men svikarens ord gjer han maktlause.
13Den late seier: «Det er ei løve der ute,
ho kunne drepa meg midt på gata!»
14Munnen til framand kvinne er ei djup grav,
den Herren er harm på, fell nedi.
15Vitløyse høyrer ungguten til,
men tukteriset driv henne bort.
16Den som er hard med armingen, aukar hans eige,
gåver til den rike gjev berre tap.
Gode og kloke råd17Vend øyra til og høyr vismenns ord,
rett din hug mot den kunnskap eg gjev.
18Det er godt om du gøymer dei i hjarta
og alltid har dei på lippene.
19For at du skal setja di lit til Herren,
forkynner eg dei for deg i dag.
20Ja, tretti ord har eg skrive opp for deg
med gode og kloke råd.
21Eg vil læra deg sanne og rette ord,
så dei som har sendt deg, får pålitelege svar.
22Ran ikkje ein fattigmann fordi han er fattig,
og trø ikkje ned ein stakkar i retten!
23For Herren vil føra deira sak
og ta livet av deira ransmenn.
24Ver ikkje ven med ein sinnatagg,
og slå ikkje lag med bråsint mann,
25så du ikkje skal venja deg til hans vegar
og setja ei felle for ditt liv.
26Ver ikkje mellom dei som gjev handslag
og borgar for folk som har gjeld.
27Når du ikkje har noko å betala med,
kvifor skal dei då ta senga du ligg på?
28Flytt ikkje gamle merkesteinar
som fedrane dine har reist.
29Ser du ein mann som er dugande i sitt arbeid?
Han kan ta teneste hjå kongar
og skal ikkje tena hjå småkårsfolk.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.