1Set hornet for munnen!
Fienden kjem
som ei ørn over Herrens hus,
for dei har brote mi pakt
og synda mot mi lov.
2Dei ropar til meg: «Min Gud!
Vi kjenner deg, vi israelittar.»
3Men Israel har vraka det som godt er,
fienden skal forfylgja dei.
4Dei tok seg kongar, men spurde ikkje meg,
valde seg hovdingar utan at eg visste om det.
Dei laga seg gudebilete av sølvet og gullet sitt.
Difor skal dei rydjast ut.
5Kast frå deg kalven din, Samaria!
Vreiden min logar mot dei.
Kor lenge skal det vara
før dei kan verta reine i Israel?
6Ein kunstnar har laga Samaria-kalven,
og han er ingen gud;
han skal verta slegen i knas.
7Vind sår dei, og storm skal dei hausta.
Kornet skyt ikkje aks
og gjev ikkje mjøl;
og gjev det mjøl, et andre det opp.
8No er Israel slukt.
Mellom folka er dei lik eit kjerald
som ingen bryr seg om.
9Dei fór bort til Assyria
lik eit villesel som flakkar ikring.
Efraim kjøper seg kjærleik.
10Endå dei kjøpslår med folka,
vil eg no driva dei saman.
Dei skal vri seg ei lita stund
under børa av skatt til storkongen.
11Efraim har laga seg mange altar
som har fått dei til å synda.
12Ei mengd med lover har eg skrive for dei,
men dei reknar dei ikkje for sine.
13Dei elskar å bera fram slaktoffer,
og dei et av kjøtet,
men Herren har ikkje hugnad i dei.
No vil han koma deira misgjerning i hug
og krevja dei til rekneskap for deira synder.
Dei skal attende til Egypt.
14Israel gløymde skaparen sin
og bygde seg slott;
Juda bygde mange festningsbyar.
Men eg vil senda eld mot deira byar,
han skal øyda deira borger.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.