Lukas 4 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Jesus vert freista(Matt 4,1–11; Mark 1,12–13)

1Fylt av Den Heilage Ande kom Jesus attende frå Jordan. Og Anden førte han ikring i øydemarka,

2der han vart freista av djevelen i førti dagar. I denne tida åt han ingenting, og då dei førti dagane var til ende, var han svolten.

5Då førte djevelen han høgt opp og synte han alle heimsens rike i ein augneblink

6og sa: «Eg vil gje deg makt over alt dette og la deg få all denne herlegdomen. For det er lagt i mi hand, og eg gjev det til kven eg vil.

7Fell du no ned og tilbed meg, skal det vera ditt alt saman.»

8Då svara Jesus: «Det står skrive:

Herren din Gud skal du tilbe,

han og ingen annan skal du tena.»

9Så tok djevelen han med seg til Jerusalem, sette han på det ytste hjørnet av tempelmuren og sa: «Er du Guds Son, så kast deg ned herifrå.

10For det står skrive:

Han skal gje englane sine påbod om deg

at dei skal verna deg.

11Og:

Dei skal bera deg på hendene,

så du ikkje støyter foten på nokon stein.»

12Men Jesus svara: «Det er sagt:

Du skal ikkje setja Herren din Gud på prøve.»

13Då no djevelen hadde freista han med alt dette, heldt han seg borte frå han ei tid.Jesus vert avvist i Nasaret(Matt 4,12–17; 13,53–58; Mark 1,14–15; 6,1–6)

14Så fór Jesus attende til Galilea, fylt av den krafta som Anden gav. Og ordet om han kom ut i alle bygdene der ikring.

19og ropa ut eit nådeår frå Herren.

20Så rulla han bokrullen saman, gav han til tenaren og sette seg. Og alle som var i synagoga, heldt augo sine feste på han.

21Då tala han til dei og byrja såleis: «I dag vart dette skriftordet oppfylt medan de høyrde på.»

22Alle lét vel om han og undra seg over dei herlege orda som kom frå hans munn. «Er ikkje dette son til Josef?» spurde dei.

23Då sa Jesus til dei: «De kjem sikkert til å minna meg om ordtaket: Lækjar, læk deg sjølv! og seia: Vi har høyrt om alt du har gjort i Kapernaum; gjer no det same på heimstaden din!»

24Og han heldt fram: «Sanneleg, det seier eg dykk: Ingen profet er velkomen på heimstaden sin.

33I synagoga var det ein mann som hadde ei urein ånd. Han sette i og ropa:

34«Kva har du med oss å gjera, Jesus frå Nasaret? Er du komen for å tyna oss? Eg veit kven du er, du Guds Heilage!»

42Då det vart morgon dagen etter, drog han ut or byen og fór til ein øydestad. Folket leita etter han, og då dei kom dit han var, prøvde dei å halda han att, så han ikkje skulle gå frå dei.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help