1Jesus kalla til seg dei tolv læresveinane sine og gav dei makt til å driva ut ureine ånder, og til å lækja all sjukdom og vanhelse.
2Dette er namna på dei tolv apostlane:
Fyrst Simon, han som vert kalla Peter, og Andreas, bror hans, så Jakob, son til Sebedeus, og Johannes, bror hans,
15Sanneleg, det seier eg dykk: På domedag skal Sodoma- og Gomorra-landet sleppa lettare enn den byen.Det skal koma forfylgingar(Mark 13,9–13; Luk 21,12–19; 12,2–7)
16Sjå, eg sender dykk ut som sauer mellom ulvar. Ver kloke som ormar og godtrune som duer!
23Men når dei forfylgjer dykk i ein by, så røm til ein annan! Sanneleg, det seier eg dykk: De vert ikkje ferdige med byane i Israel før Menneskesonen kjem.
24Ein læresvein står ikkje over meisteren sin, og ein tenar står ikkje over husbonden sin.
26Ver ikkje redde dei! For ingenting er gøymt utan at det skal fram, og ingenting er løynt utan at det skal verta kjent. Vedkjenning og etterfylging(Luk 12,8–9.51–53; 14,26–27; 17,33)
32Den som kjennest ved meg for menneska, han skal eg òg kjennast ved for Far min i himmelen.
36og ein manns husfolk er hans fiendar.
37Den som har far eller mor kjærare enn meg, er ikkje verd meg. Den som har son eller dotter kjærare enn meg, er ikkje verd meg. Løna for å ta imot ein læresvein
40Den som tek imot dykk, tek imot meg; og den som tek imot meg, tek imot han som har sendt meg.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.