1Ein kvist skal renna or Isai-stuven,
ein renning skal skyta opp frå hans røter.
2Herrens Ande skal kvila over han,
Anden med visdom og vit,
Anden med råd og styrke,
Anden som gjev kunnskap om Herren
og age for han.
3Han skal ha sin hugnad i age for Herren.
Han skal ikkje døma etter det han ser,
og ikkje skifta rett etter det han høyrer.
4Han skal døma armingar med rettferd,
fella rettvis dom for dei verjelause i landet.
Han skal slå valdsmenn med riset i sin munn
og drepa dei gudlause med anden frå sine lipper.
5Rettferd skal vera beltet om livet
og truskap beltet om hoftene hans.
6Då skal ulven bu saman med lammet,
og leoparden liggja i lag med kjeet.
Kalv og ungløve skal beita saman,
og ein smågut skal gjæta dei.
7Ku og bjørn skal gå og beita,
ungane deira skal liggja i lag,
og løva skal eta halm som oksen.
8Spedbarnet skal leika innmed hola åt hoggormen,
og veslebarnet skal retta ut si hand
mot bolet åt eiterormen.
9Ingen skal gjera vondt eller ugagn
på heile mitt heilage fjell.
For landet er fylt av kunnskap om Herren,
liksom vatnet dekkjer havsens botn.
10Den dagen skal folkeslag søkja
til renningen or Isais rot.
Han skal stå som eit samlingsmerke for folka,
og bustaden hans skal vera full av herlegdom. Dei bortførte skal venda heim att
11Då skal Herren endå ein gong
retta ut si hand og vinna att
den resten som er leivd av folket hans,
frå Assur, Egypt, Patros og Nubia,
frå Elam, Sinear, Hamat og havstrendene.
12Han skal reisa ei fane for folka,
samla dei bortdrivne av Israel
og føra det spreidde Juda-folket
heim att frå verdsens fire hjørne.
13Då skal Efraims avund kverva
og Judas fiendskap verta utrudd.
Efraim skal ikkje misunna Juda
og Juda ikkje visa fiendskap mot Efraim.
14Dei slår ned på filistar-skråninga i vest,
og saman plyndrar dei stammene i aust.
Dei legg si hand på Edom og Moab,
og ammonittane må lyda dei.
15Då skal Herren turka ut
havbukta ved Egypt
og svinga si hand over Eufrat,
kløyva elva med sin sterke storm
så ho vert til sju bekker,
der folk kan gå turrskodde over.
16For resten av Herrens folk
som vert berga frå Assur,
skal det vera ein jamn veg
som det var for israelittane
den dagen dei drog ut or Egypt.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.