Forkynnaren 4 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Urett i samfunnet

1Atter såg eg på alle dei valdsverk

som vert gjorde under sola.

Eg såg tårene renna på dei som vart trælka,

og ingen trøysta dei.

Valdsmennene bruka makt,

og ingen trøysta.

2Då prisa eg dei døde sæle,

dei som var borte for lenge sidan.

Dei er betre farne enn dei levande,

enn dei som enno er i live.

3Men sælare enn begge

er dei som aldri har levt og sett dei vonde verk

som vert gjorde under sola.

4Eg såg at alt strev og all dugleik

kjem av at den eine misunner den andre.

Det òg er fåfengd og jag etter vind.

5Dåren legg hendene i fanget

og tærer på sitt eige hold.

6Det er betre å ha litt i neven

og få leva i ro

enn å ha begge hendene fulle

og streva og jaga etter vind.

7Og endå meir fåfengd

vart eg var under sola.

8Ein mann står stundom heilt åleine,

utan son eller bror,

og likevel er det ingen ende

på alt hans strev;

han ser seg ikkje mett på rikdom.

«Kven er det eg strevar for

så eg nektar meg sjølv alt godt?»

Det òg er fåfengd og vondt slit.

Det er betre å vera to enn ein

9Det er betre å vera to enn ein,

dei får god løn for sitt strev.

10For om dei dett, kan den eine

reisa opp den andre.

Men stakkars den som er åleine!

Når han dett, har han ingen

til å reisa seg opp.

11Når to ligg saman, vert dei varme,

men korleis kan den einslege verta varm?

12Om nokon vinn over den som er åleine,

vil to kunna stå seg mot han.

Ein tretvinna tråd slitnar ikkje så snart.

Livet er omskifteleg

13Ein ungdom som er fattig, men klok,

er betre faren enn ein konge

som er gamal og dum

og ikkje har vit til å ta imot råd.

14Ein som kom ut or fengslet,

vart teken til konge,

endå han vart fødd i fattigdom

medan ein annan styrte.

15Eg såg korleis alle menneske

som ferdast ikring under sola,

gav seg i lag med den unge mannen

som skulle koma i kongens stad.

16Det var ingen ende på alt det folket

som han vart førar for.

Men dei som kjem etter,

bryr seg ikkje lenger om han.

Det òg er fåfengd og jag etter vind.

Ver ikkje for snar med munnen!

17Akta foten din når du går til Guds hus!

Det er betre at du kjem dit og høyrer

enn at dårar ber fram offer;

for uvitande er dei og gjer det vonde.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help