1Ein song til festferdene.
Herre, kom David i hug
for all den møda han heldt ut!
2Han svor Herren ein eid,
gav Jakobs Veldige ein lovnad:
3«Eg går ikkje inn i min bustad
og legg meg ikkje på mi lege,
4eg unner meg ikkje blund på augo,
lèt ikkje augneloka kvila
5før eg har funne ein stad for Herren,
ein bustad for Jakobs Veldige.»
6Vi høyrde om paktkista i Efrata,
vi fann henne på Ja'ar-markene.
7Kom, lat oss gå til Herrens bustad
og kasta oss ned for hans fotskammel!
8Reis deg, Herre, og kom til den stad
der du slår deg til ro,
du og ditt veldes kiste.
9Prestane dine skal vera kledde i rettferd,
og dei som held di pakt, skal jubla.
10For David, din tenar skuld,
vis ikkje frå deg den du har salva!
11Herren har svore David ein eid,
eit påliteleg ord, som han ikkje går frå:
«Menn av di ætt
vil eg setja på din kongsstol.
12Dersom sønene dine held mi pakt
og den lov eg vil læra dei,
så skal deira søner òg
for alltid sitja på din kongsstol.»
13For Herren har valt ut Sion,
som han vil ha til bustad:
14«Dette skal vera min kvilestad for alltid,
her vil eg bu, det er mitt ynske.
15Maten på Sion vil eg velsigna,
og dei fattige vil eg metta med brød.
16Sions prestar kler eg med frelse,
og dei trugne skal ropa av fagnad.
17Der lèt eg Davids-ætta få makt,
eg steller til ei lampe for den eg har salva.
18Hans fiendar vil eg kle med skam
men på hans hovud skal krona stråla.»
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.