1Skriv til engelen for kyrkjelyden i Sardes:
Dette seier han som har dei sju Guds ånder og dei sju stjernene: Eg veit om gjerningane dine! Du har ord på deg for å leva, men du er død.
4Men du har nokre få i Sardes som ikkje har sulka til kleda sine. Og dei skal gå med meg i kvite klede, for dei er verdige til det.
6Den som har øyro, han høyre kva Anden seier til kyrkjelydane!
Til Filadelfia7Skriv til engelen for kyrkjelyden i Filadelfia:
Dette seier Den Heilage og Sannferdige, han som har Davids nykel, han som opnar så ingen kan stengja, og stengjer så ingen kan opna:
12Den som sigrar, han vil eg gjera til ei søyle i min Guds tempel, og han skal aldri meir gå ut derifrå. Eg vil skriva min Guds namn på han og namnet på min Guds by – det nye Jerusalem, som kjem ned frå himmelen, frå min Gud – og like eins mitt eige nye namn.
13Den som har øyro, han høyre kva Anden seier til kyrkjelydane!
Til Laodikea14Skriv til engelen for kyrkjelyden i Laodikea:
Dette seier han som er Amen, det trufaste og sannferdige vitnet, opphavet til Guds skaparverk:
19Alle dei eg har kjær, refser og tuktar eg. Gjer alvor av å venda om!
21Den som sigrar, han vil eg la sitja med meg på min kongsstol, liksom eg sjølv har sigra og sett meg med Far min på hans kongsstol.
22Den som har øyro, han høyre kva Anden seier til kyrkjelydane!
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.