1Amasja var tjuefem år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i tjueni år. Mor hans heitte Joaddan og var frå Jerusalem.
5Sidan samla Amasja folket i Juda og stelte dei opp, ættgrein for ættgrein, under tusenmannsførarar og hundremannsførarar i heile Juda og Benjamin. Han mønstra dei, så mange som var tjue år eller meir, og fann at det var tre hundre tusen utvalde stridsmenn som kunne bruka spyd og skjold.
6Dessutan leigde han i Israel hundre tusen djerve krigarar for hundre talentar sølv.
7Då kom ein gudsmann til han og sa: «Lat ikkje Israels-hæren dra med deg, konge! For Herren er ikkje med Israel, ikkje med nokon av Efraims-sønene.
8Men du skal dra ut og gå modig i striden! Elles vil Gud la deg falla for fienden. For Gud har makt både til å hjelpa og til å fella.»
9Amasja spurde gudsmannen: «Kva så med dei hundre talentane som eg har gjeve til hærflokken frå Israel?» Gudsmannen svara: «Herren kan gje deg meir enn det!»
10Då skilde Amasja ut den flokken som var komen til han frå Israel, og lét dei fara heim att. Dei vart brennande harme på Juda-mennene og fór av stad i fullt sinne.
11Amasja tok no mot til seg og drog ut med hæren sin. Han kom til Saltdalen, og der hogg han ned ti tusen mann frå Se'ir.
12Andre ti tusen tok judearane levande til fange. Dei førte dei opp på toppen av ein fjellknaus og støytte dei ned derifrå, så dei slo seg i hel, alle saman.
13Men nokre av israelittane som Amasja hadde sendt heim att, så dei ikkje fekk fylgja han på hærferda, dei tok til å herja i Juda-byane frå Samaria til Bet-Horon. Der hogg dei ned tre tusen mann og tok mykje hærfang.
Amasjas fråfall og nederlag14Då Amasja kom heim att etter at han hadde slege edomittane, førte han gudane åt Se'ir-sønene med seg. Han sette dei opp som sine eigne gudar, kasta seg ned for dei og ofra til dei.
20Men Amasja ville ikkje høyra på han. Det var Gud som laga det så; han ville la dei falla i fiendehand, fordi dei hadde spurt Edom-gudane til råds.
21Så drog Joasj, Israels-kongen, ut mot Amasja, Juda-kongen. Det kom til styrkeprøve mellom dei ved Bet-Sjemesj, som ligg i Juda.
22Judearane tapte for israelittane og rømde kvar til sitt.
23Juda-kongen Amasja, son til Joasj Akasjason, vart teken til fange ved Bet-Sjemesj av Joasj, Israels-kongen, og ført til Jerusalem. Der reiv Joasj ned bymuren frå Efraims-porten til Hjørneporten, eit stykke på fire hundre alner.
24Og han tok alt gullet og sølvet og alle dei kar som fanst i Guds hus, hjå Obed-Edom, og i skattkammeret i kongsgarden. Gislar tok han òg med seg då han fór heim att til Samaria.
25Juda-kongen Amasja, son til Joasj, levde femten år etter at Israels-kongen Joasj, son til Joakas, var død.
26Det som elles er å seia om Amasja, frå fyrst til sist, det står skrive i boka om Juda- og Israels-kongane.
27Etter at Amasja fall frå Herren, fekk dei til ei samansverjing mot han i Jerusalem. Då rømde han til Lakisj. Men dei sende folk etter han og drap han der. 24,25; 33,24
28Så køyrde dei han derifrå med hestar, og han vart gravlagd i Davids-byen, der fedrane hans låg.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.