1Herre, du har alltid rett
når eg fører sak med deg.
Likevel må eg føra klagemål mot deg.
Kvifor har dei vonde lukka med seg,
kvifor er alle dei trulause trygge?
2Du plantar dei, og dei røter seg;
dei veks og ber frukt.
Nær er du i deira munn,
men langt borte frå deira hjarta.
3Men du, Herre, ser og kjenner meg,
du prøver mitt huglag mot deg.
Skil dei ut som slaktesauer,
og vigsla dei til offerdagen!
4Kor lenge skal landet stura
og alt som gror på marka, turka bort?
Fordi dei som bur i landet, er vonde,
skal både fugl og fe gå til grunne.
Folk seier: «Han ser ikkje
korleis det går oss til slutt.»
5Når du vert trøytt av å springa
saman med folk til fots,
korleis kan du då kappspringa med hestar?
Og er du trygg berre i fredeleg land,
kva har du då å gjera
i den fine Jordan-skogen?
6Brørne dine og farsætta di,
jamvel dei er trulause mot deg;
dei ropar etter deg av full hals.
Du må ikkje eingong lita på dei
når dei talar venleg til deg.
Heile landet er lagt i øyde7Eg har gått frå huset mitt
og gjeve opp arven min.
Henne som eg elska,
har eg gjeve i fiendevald.
8Mitt eige folk har vorte for meg
som ei løve i tette skogen.
Dei brøler mot meg;
difor har eg uvilje mot dei.
9Er folket mitt ein spreklet fugl
som rovfuglar samlar seg ikring?
Lat alle villdyr i marka samlast,
før dei hit, så dei kan eta!
10Gjætarar i mengd har herja min vingard
og trakka ned mi odelsjord;
dei har gjort mitt herlege land til ei livlaus audn,
11til ei sturande øydemark;
uhyggjeleg audt ligg det framføre meg.
Heile landet er lagt i øyde,
og ingen bryr seg om det.
12Over alle dei snaue høgdene i øydemarka
kom herjande hopar.
For Herren har eit sverd som øyder
frå eine enden av landet til hin,
så ingen skapning finn fred.
13Dei sådde kveite og haustar klunger,
dei streva til inga nytte.
Dei får berre skam av si avling
fordi Herren er brennande harm. Kva Gud vil gjera med Israels grannefolk
14Så seier Herren om alle dei vonde grannefolka som rører det landet eg har gjeve Israel, folket mitt, til odel og eige: Eg rykkjer dei opp or jorda deira, og Juda-ætta rykkjer eg opp midt imellom dei.
15Men sidan, etter at eg har rykt dei opp, vil eg atter miskunna meg over dei og føra dei heim att, kvar til sin odel og sitt land.
16Og lærer dei seg då å gjera som folket mitt, så dei sver ved mitt namn og seier: «Så sant Herren lever», liksom dei før lærte folket mitt å sverja ved Ba'al, då skal dei byggjast opp att midt imellom folket mitt. 5 Mos 6,13; 10,20; Jer 4,2
17Men vil dei ikkje høyra, då rykkjer eg opp det folket, rykkjer det opp og gjer ende på det, lyder ordet frå Herren.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.