1. Krønikebok 5 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Israels-ættene austanfor Jordan

1Sønene til Ruben, eldste son til Israel. Ruben var den eldste; men då han vanæra lega åt far sin, fekk Josef Israelsson, bror hans, odelsretten, endå han ikkje var oppskriven som den eldste i ættelistene.

3Sønene til Ruben, eldste son til Israel, var Hanok, Pallu, Hesron og Karmi.

18Rubens-sønene og Gads-sønene og halve Manasse-ætta var djerve menn, som bar skjold og sverd, spente boge og var opplærte til krig. Dei var 44 760 våpenføre menn.

19Dei gjekk til strid mot hagrittane, Jetur, Nafisj og Nodab

20og fekk hjelp mot dei, så hagrittane og alle som var i lag med dei, laut gje seg i deira vald. For dei ropa til Gud i striden, og han høyrde bøna deira, fordi dei sette si lit til han.

21Dei tok med seg feet åt fienden: femti tusen kamelar, to hundre og femti tusen sauer, to tusen esel, og dessutan hundre tusen menn og kvinner.

22Det hadde vore eit stort mannefall; for denne krigen var frå Gud. Sidan budde dei der i landet heilt til dei laut fara i fangenskap.

23Den eine halvparten av Manasse-ætta budde i Basan-landet, radt opp til Ba'al-Hermon og Senir – det er Hermon-fjellet. Og dei vart talrike.

24Dette var hovdingane for ættgreinene deira: Efer, Jisji, Eliel, Asriel, Jeremia, Hodavja og Jakdiel. Dei var djerve krigarar og namngjetne menn, hovdingar for ættgreinene sine.

25Men dei sveik sine fedrars Gud. I utruskap heldt dei seg til dei gudane som folka der i landet dyrka, dei som Gud hadde rudt ut for dei.

26Då eggja Israels Gud assyrarkongen Tiglat-Pileser mot dei, han som dei òg kalla Pul, og han førte bort både Rubens-sønene, Gads-sønene og halve Manasse-ætta. Han tok dei til Halak, Habor, Hara og Gosan-elva, og der har dei vore til denne dag.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help