Jesaja 59 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Synd og frelse

1Sjå, Herrens hand er ikkje så kort

at han ikkje kan frelsa,

og hans øyra ikkje så tunghøyrt

at han ikkje kan høyra.

2Nei, det er misgjerningane dykkar

som skil mellom dykk og dykkar Gud.

Syndene dykkar løyner hans åsyn,

så han ikkje høyrer dykk.

3Hendene dykkar er tilsølte med blod

og fingrane flekka med skuld,

lippene dykkar talar lygn,

og tunga mumlar svik.

4Ingen stemner til doms med rette,

og ingen fører sak på ærleg vis.

Dei lit på fåfengd og talar lygn,

dei ber på urett og føder vondskap.

5Dei klekkjer ut orme-egg

og vev spindelvev.

Den som et deira egg, må døy,

og knuser du eit, kjem det fram ein orm.

6Deira vevnad duger ikkje til klede,

ingen kan kle seg med det dei lagar.

Det dei gjer, er vondskaps gjerning,

valdsverk kjem frå deira hender.

7Dei er snare på foten til det som er vondt,

og snøgge til å renna ut skuldlaust blod.

Alle deira tankar er vonde,

der dei fer, er herjing og øyding.

8Freds veg kjenner dei ikkje,

det finst ingen rett i deira spor.

Dei går på krokete stigar,

og ingen som ferdast der, veit av fred.

9Difor er retten langt borte frå oss,

rettferda når oss ikkje.

Vi ventar på ljos, men sjå, det er mørkt,

på solskin, men ferdast i skugge.

10Vi trivlar langs veggen som blinde,

vi trivlar som folk utan augo.

Vi snåvar på ljose dagen

som om det var skumring,

i vår beste alder er vi som døde.

11Vi gryler alle som bjørnar

og klynkar og klagar som duer.

Vi ventar på rettferd, men ho kjem ikkje,

på frelse, men ho er langt borte frå oss.

12Du ser at våre synder er mange,

våre brot vitnar imot oss.

Ja, våre synder veit vi om,

våre misgjerningar kjenner vi:

13Vi har reist oss mot Herren,

har fornekta han

og gått bort frå vår Gud.

Vi har tala om vald og fråfall

og mumla fram svikefulle ord

som var avla i hjarta.

14Difor er retten unnatrengd,

rettferda står langt borte.

På torget er sanninga fallen,

og det rette vinn ikkje fram.

15Truskapen er borte,

og den som held seg frå vondskap,

vert plyndra.

Herren såg – og det var vondt i hans augo –

at det ikkje var retten som rådde.

16Han såg at ikkje ein steig fram,

og undra seg over

at ingen førte hans sak.

Då kom hans arm han til hjelp,

hans rettferd stødde han.

17Han tok rettferd på seg til brynje

og sette frelseshjelm på sitt hovud.

Så kledde han seg i hemnens klednad

og sveipte om seg brennhug til kappe.

18Han løner folk etter det dei har gjort,

med harme mot uvener, hemn over fiendar;

jamvel mot øyar og strender

gjer han attergjeld.

19Dei skal ottast Herrens namn i vest

og hans herlegdom i aust.

For han kjem som ein veldig flaum,

som Herrens storm driv fram.

20Han kjem som utløysar for Sion,

for dei som snur om frå synd i Jakob,

lyder ordet frå Herren.

21Dette er den pakt som eg vil gjera med dei, seier Herren: Min Ande som er over deg, og mine ord som eg har lagt deg i munnen, skal aldri, frå no og til evig tid, vika frå din munn og heller ikkje frå munnen åt borna og barneborna dine, seier Herren.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help