Matteus 25 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Dei ti brurmøyane

1Då kan himmelriket liknast med ti brurmøyar som tok lampene sine og gjekk ut og ville møta brudgomen. Likninga om talentane(Luk 19,12–27)

14Det er som då ein mann skulle fara utanlands. Han kalla til seg tenarane sine og overlét dei alt han åtte.

15Ein gav han fem talentar, ein annan to og den tredje ein talent – etter som kvar dugde til. Så drog han ut or landet.

16Han som hadde fått fem talentar, tok straks til å handla med dei og tente fem til.

17Han som hadde fått to, gjorde det same og tente to til.

18Men han som hadde fått ein talent, gjekk bort og grov eit hol i jorda og gøymde pengane åt husbonden sin.

19Då det hadde gått ei lang tid, kom husbonden heim att og ville halda rekneskap med tenarane sine.

20Han som hadde fått fem talentar, kom fram og hadde med seg fem til og sa: «Herre, du gav meg fem talentar; sjå, eg har tent fem til.»

21Då sa husbonden til han: «Det var rett, du gode og trugne tenar! Du har vore tru i lite, eg vil setja deg over mykje. Kom inn og gled deg i lag med husbonden din!» Domen

31Men når Menneskesonen kjem i sin herlegdom og alle englane med han, då skal han sitja på kongsstolen sin i herlegdom.

41Så skal han seia til dei på venstre sida: «Gå bort frå meg, de bannstøytte, til den evige elden som er laga til åt djevelen og englane hans.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help