1I kyrkjelyden i Antiokia var det nokre profetar og lærarar; der var Barnabas og Simeon, som dei kalla Niger, Lukius frå Kyréne, Manaen, fosterbror til Herodes, fylkeskongen, og Saulus.
2Ein gong medan dei heldt gudsteneste og fasta, sa Den Heilage Ande: «Ta ut Barnabas og Saulus åt meg, og lat dei gå til den gjerning eg har kalla dei til!»
17Han som er Gud åt Israels-folket, valde ut fedrane våre. Han gjorde dei til eit stort folk då dei var innflyttarar i Egypt, og med opplyft arm førte han dei ut derifrå.
26Brør, både de som er av Abrahams ætt, og de andre som trur på Gud, det var til oss ordet om denne frelsa vart sendt.
27For dei som bur i Jerusalem, og leiarane deira kjende han ikkje, men dømde han og oppfylte med det dei profetord som vert lesne kvar sabbat.
Du er son min,
eg har født deg i dag.
34Men at Gud reiste han opp frå dei døde så han aldri meir skal gå til grunne, det har han sagt med desse orda: Eg vil oppfylla for dykk dei heilage og ubrytelege lovnadene som David fekk.
42Då dei gjekk ut, bad folk dei tala om dette neste sabbat òg.
43Og då synagogemøtet var slutt, var det mange som fylgde dei, både jødar og heidningar som hadde gått over til jødetrua. Og Paulus og Barnabas tala med dei og la dei på hjarta at dei måtte halda fast ved Guds nåde.
Eg har gjort deg til eit ljos for folkeslag,
så du skal bera frelse til heimsens ende.»
48Då heidningane høyrde det, vart dei glade og prisa Herrens ord, og dei kom til tru, alle dei som var etla til evig liv. 11,18; Rom 8,29f
49Og Herrens ord breidde seg ut over heile landet.
50Men jødane øste opp dei fremste kvinnene som dyrka Gud, og dei leiande mennene i byen, så dei fekk i gang ei forfylging mot Paulus og Barnabas og jaga dei ut or bygdene sine.
51Då riste dei støvet av føtene mot dei og fór til Ikonium. Matt 10,14; Apg 18,6
52Men læresveinane vart fylte av glede og av Den Heilage Ande.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.