1Moses gjekk fram og tala desse orda til heile Israel.
2Så sa han til dei: No er eg hundre og tjue år gamal. Eg kan ikkje lenger gå ut og inn som før. Og Herren har sagt meg at eg ikkje skal koma over Jordan.
7Så kalla Moses til seg Josva og sa til han medan alle israelittane høyrde på: Ver djerv og sterk! For du skal føra dette folket inn i det landet Herren med eid lova å gje fedrane deira, og skifta det mellom dei.
11og heile Israel kjem og stig fram for Herren din Gud på den staden han vel seg ut, då skal denne lova lesast opp for heile Israel.
12Kall folket saman, menn, kvinner og born, og innflyttarane som bur i byane dine. Lat dei få høyra lova, så dei kan læra å ottast Herren dykkar Gud og leggja vinn på å leva etter alle boda i denne lova.
13Og borna deira, som enno ikkje kjenner lova, skal høyra henne, så dei kan læra å ottast Herren dykkar Gud så lenge de lever i det landet de skal leggja under dykk når de går over Jordan.
Herrens siste ord til Moses14Herren sa til Moses: Sjå, no lid det til den tid at du skal døy. Kall Josva hit og kom fram til møteteltet, både du og han, så skal eg seia frå kva han skal gjera. Så gjekk Moses og Josva fram til møteteltet og vart ståande der.
15Då synte Herren seg i teltet i ei skystøtte, og skystøtta stod attmed teltdøra.
16Herren sa til Moses: Når du kviler hjå fedrane dine, kjem dette folket til å vera trulaust og halda seg til framande gudar i det landet dei er komne inn i. Dei kjem til å venda seg frå meg og bryta den pakta eg har gjort med dei.
17På den tid skal vreiden min loga opp mot dei. Eg skal venda meg frå dei og løyna andletet mitt for dei, så dei vert tynte. Mange ulukker og trengsler skal koma over dei. Då skal dei seia: «Når desse ulukkene kjem over meg, er det vel fordi min Gud ikkje er med meg.»
18Men på den tid vil eg løyna andletet mitt for dei, av di dei har gjort så mykje vondt; dei har vendt seg til andre gudar.
19Skriv no opp dette kvadet, og lat israelittane læra det! Lat dei ta det opp att, så det kan vera mitt vitne mot dei. 32,1ff
20No fører eg dei inn i det landet som eg med eid lova fedrane deira, eit land som fløymer med mjølk og honning. Men når dei har ete seg mette og er vortne feite, kjem dei til å venda seg til andre gudar og dyrka dei. Dei kjem til å vanvørda meg og bryta mi pakt. 32,15
21Når då mange ulukker og trengsler møter dei, skal dette kvadet lyda for dei, og etterkomarane deira skal seia det fram og aldri gløyma det; det skal vera eit vitne for dei om at eg kjenner dei tankar dei gjer seg i dag, alt før eg lèt dei gå inn i det landet som eg med eid har lova fedrane deira.
22Same dagen skreiv Moses opp dette kvadet og lét israelittane læra det.
23Og Herren sa til Josva Nunsson: «Ver djerv og sterk! Det er du som skal føra israelittane inn i det landet eg med eid har lova dei. Eg skal vera med deg.»
Lovboka og kvadet skal vitna24Då Moses var ferdig med å skriva opp i ei bok alle orda i denne lova, frå fyrst til sist,
25sa han til levittane, som bar Herrens paktkiste:
26Ta denne lovboka og legg henne ned attmed paktkista åt Herren dykkar Gud. Der skal ho liggja og vera eit vitne mot deg.
27For eg veit kor trassig og strid du er. Har de ikkje alt no medan eg lever og er mellom dykk, vist trass mot Herren? Kor mykje meir når eg er borte!
28Kall no saman alle dei eldste i ættene og tilsynsmennene, så vil eg seia fram desse orda for dei og ta himmel og jord til vitne mot dei. 32,1ff
29For eg veit at når eg er borte, kjem de til å bera dykk ille åt og bøya av frå den vegen eg har sagt de skal gå. Men til slutt skal ulukka koma over dykk, fordi de gjer det som vondt er i Herrens augo, og harmar han med framferda dykkar.
Moses ber fram sitt avskilskvad30Så bar Moses fram heile dette kvadet for Israels-lyden:
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.