Josva 18 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Utskiftinga av landet

1Så kom heile Israels-lyden saman i Sjilo, og der sette dei opp møteteltet. For no hadde dei lagt landet under seg.

2Men endå var det sju av Israels-ættene som ikkje hadde fått sin del av det.

3Då sa Josva til israelittane: «Kor lenge vil de drya før de går av og tek det landet som Herren, dykkar fedrars Gud, har gjeve dykk?

4Vel ut tre mann av kvar ætt som eg kan senda i veg. Dei skal fara ikring i landet og skriva opp det dei ser, så vi kan vita korleis det skal delast. Sidan skal dei koma attende til meg.

5Så skal dei dela landet i sju. Juda-ætta skal verta verande i det landet ho har fått der sør, og Josefs-ættene i sitt land her nord.

6Men de skal setja opp ei liste over alt det som finst i dei sju landslutene og koma hit til meg med. Så skal eg kasta lodd for dykk for Herren vår Guds åsyn.

7For levittane skal ikkje ha nokon del saman med dykk; Herrens prestedøme er deira arv. Og Gad og Ruben og halve Manasse-ætta har alt fått sitt land austanfor Jordan, det landet som Moses, Herrens tenar, gav dei.»

8Så gjorde dei seg ferdige, dei mennene som skulle fara i veg og skriva opp det dei såg i landet, og Josva sa til dei: «Far ikring i landet og skriv opp alt de ser! Kom så attende til meg, så skal eg kasta lodd for dykk her for Herren vår Guds åsyn.»

9Dermed tok mennene av stad og fór ikring i heile landet. Dei skreiv opp by for by i ei liste i sju bolkar. Så kom dei attende til Josva i leiren ved Sjilo.

10Og Josva kasta lodd for dei der, for Herrens åsyn. Han skifte landet mellom israelittane; kvar ætt fekk sin del.

Benjamin

11Det fyrste loddet fall på Benjamins-sønene og ættgreinene deira. Det landet dei fekk, låg mellom Juda-sønene og Josefs-sønene. 1 Mos 49,27; 5 Mos 33,12

12Landegrensa deira på nordsida gjekk ut frå Jordan og oppover til åsen nordanfor Jeriko og så vestover fjellet fram til øydemarka ved Bet-Aven.

13Derifrå heldt ho fram sørover mot Lus, til høgdedraget ved Lus, som no heiter Betel, og gjekk så ned til Atrot-Addar, over det fjellet som ligg sør for Nedre Bet-Horon. 1 Mos 28,19

14Så svinga ho og gjekk sørover i ein boge på vestsida av fjellet sør for Bet-Horon, til ho enda i Kirjat-Ba'al, ein by som høyrer Juda til; no heiter han Kirjat-Jearim. Dette var vestgrensa.

15På sørsida gjekk grensa frå utkanten av Kirjat-Jearim vestover til Neftoah-kjelda.

16Så gjekk ho ned til foten av det fjellet som ligg midt for Hinnom-dalen, nordanfor Refa'im-dalen. Derifrå heldt ho fram gjennom Hinnom-dalen på sørsida av Jebusitt-åsen ned til Rogel-kjelda. 15,8

17Der svinga ho mot nord, gjekk fram til Sjemesj-kjelda og til Gelilot, som ligg midt for Adummim-skaret, og så ned til Bohan-steinen, som heiter etter Bohan, son til Ruben. 15,6

18Så gjekk ho nordover til høgdedraget ovanfor Jordan-dalen og ned i dalen.

19Der heldt ho fram til Bet-Hogla-åsen og enda i den nørdste vika av Saltsjøen, attmed Jordan-osen. Dette var sørgrensa.

20På austsida var Jordan skiljelina. Dette var det landet som Benjamins-sønene og ættgreinene deira fekk, med grensene kring det.

21Byane som Benjamins-sønene og ættgreinene deira fekk, var: Jeriko, Bet-Hogla, Emek-Kesis,

22Bet-Ha'araba, Semarajim, Betel,

23Ha'avvim, Happara, Ofra,

24Kefar-Ha'ammoni, Ha'ofni og Geba, tolv byar med landsbyar.

25Så var det Gibeon, Rama, Be'erot,

26Mispe, Hakkefira, Hammosa,

27Rekem, Jirpe'el, Tarala,

28Sela, Ha'elef og Jebus, som no heiter Jerusalem, Gibea og Kirjat-Jearim, fjorten byar med landsbyar. Dette var det landet Benjamins-sønene og ættgreinene deira fekk.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help