1Salomo bygde på kongsgarden sin i tretten år før han fekk han ferdig.
2Fyrst bygde han Libanon-skoghuset. Det var hundre alner langt, femti alner breitt og tretti alner høgt. Det hadde fire rader med søyler av sedertre, og oppå søylene var det sederbjelkar.
3Over sideroma, som kvilte på søylene, var det eit tak av sedertre. I alt var det førtifem rom, femten i kvar rad.
4I huset var det tre rader vindaugo med karmar. Vindaugo låg midt for kvarandre i tre høgder.
5Alle dørene og vindaugo hadde firkanta karmar og vende beint imot kvarandre i tre høgder.
6Så bygde han søylehalla, som var femti alner lang og tretti alner brei. Framfor den var det ei forhall med søyler, og framfor den att eit skjermtak.
7Sidan bygde han tronhalla, der han sat og dømde, Domshalla. Han kledde henne med sedertre frå golvet til takbjelkane.
8Hans eige hus, det som han budde i, låg i den andre garden innanfor forhalla. Det var bygt på same måten. Salomo bygde òg eit hus for dotter til farao, som han hadde teke til kone. Det òg likna forhalla.
9Alle desse bygningane var av dyre steinar, som var hogne etter mål. Dei var skorne til med steinsag både på innsida og utsida, frå grunnvollen opp til murkransen og frå utkanten av borga inn til den store borggarden.
10Grunnmuren var av store og dyre steinar, steinar på ti alner og på åtte alner.
11Over dei var det dyre steinar, som var hogne etter mål, og sedertre.
12Rundt den store borggarden var det tre lag med hoggen stein og eitt lag med sederbjelkar. Såleis var det òg rundt den indre føregarden til Herrens hus og rundt forhalla til slottet.
Utstyret til templet13Kong Salomo sende bod etter Hiram frå Tyrus.
15Hiram støypte dei to bronsesøylene. Den eine søyla var atten alner høg, og det trongst ei snor på tolv alner om ho skulle nå rundt henne. Den andre søyla var like stor.
22Øvst på søylene var det støypt lotusblomar. Så var arbeidet med søylene fullført.
23Sidan laga han det støypte havet. Det var heilt rundt og mælte ti alner frå kant til kant. Høgda var fem alner, og det trongst ei snor på tretti alner om ho skulle nå rundt det.
40Hiram laga oskefata, eldskuflene og offerskålene. Dermed hadde han fullført alt det arbeidet han skulle gjera for kong Salomo til Herrens hus:
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.