Job 24 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Dei gudlause gjer opprør mot ljoset

1Kvifor har ikkje Den Allmektige

sett av tider til dom?

Kvifor får ikkje dei som kjenner han,

sjå at hans dagar kjem?

2Dei gudlause flytter merkesteinar,

dei røvar sauer og sender dei på beite.

3Esla åt farlause driv dei bort,

og oksane åt enkjer tek dei i pant.

4Fattige tvingar dei ut av vegen,

dei hjelpelause må gøyma seg for dei.

5Som villesel i øydemarka

går dei til arbeids.

På aude moar leitar dei etter mat;

der må dei finna føde til borna.

6Dei haustar fôr på marka

og sankar den frukt som er leivd

i vingarden åt dei vonde.

7Halvnakne ligg dei ute om natta,

utan klede eller teppe i kulden.

8På fjellet vert dei våte av regn;

fordi dei ikkje har livd,

trykkjer dei seg tett inn til berget.

9Somme riv farlause born frå brystet

og tek pant av dei hjelpelause.

10Dei går nakne ikring, dei har ikkje klede,

svoltne må dei bera kornband.

11Mellom murane pressar dei olje,

tyrste trakkar dei vinpressa.

12Frå byen høyrest støn av døyande menneske,

og dei som er såra, skrik om hjelp.

Men Gud bryr seg ikkje om deira bøn.

13Andre gjer opprør mot ljoset.

Dei kjenner ikkje ljosets vegar,

held seg ikkje på ljosets stigar.

14Før dagen renn, står drapsmannen opp

og slår i hel ein fattig stakkar.

Om natta er tjuven på ferde.

15Horkaren ventar på skumringa.

Han seier: «Det er ingen som ser meg,»

og så løyner han andletet.

16I mørkret gjer tjuvane innbrot;

dei stengjer seg inne om dagen,

for dei vil ikkje vita av ljoset.

17Kolmørkret er for dei som ein morgon,

dei kjenner alt som skræmer i mørkret.

18Men brått vert dei borte som på vatnet.

Forbanna er deira lut i landet,

ingen tek vegen til vingardane.

19Turk og hete tek snøvatnet bort,

dødsriket sluker den som syndar.

20Mor hans gløymer han,

makken godtgjer seg med han,

og ingen minnest han meir.

Vondskapen knekkjest som eit tre.

21Han var hard med kvinner som ikkje fekk born,

og gjorde ikkje vel mot enkjer.

22Men Gud riv bort sterke menn med si kraft;

når han reiser seg, er ingen trygg for sitt liv.

23Han gjer dei trygge og gjev dei støtte,

men augo hans vaktar deira ferd.

24Dei når høgt for ei tid, men så er det slutt;

dei bøyest ned og rykkjest opp som alle andre,

som mogne aks vert dei avskorne.

25Er det ikkje så?

Kan nokon seia at eg lyg

og gjera mitt ord om inkje?

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help