1Det synte seg eit stort teikn på himmelen: ei kvinne sveipt i sola, med månen under føtene og med ein krans av tolv stjerner på hovudet.
2Ho var med barn og skreik i barnsnaud og føderier.
3På himmelen synte det seg eit anna teikn òg: ein stor eldraud drake; han hadde sju hovud og ti horn og på hovuda sju kroner.
7Då braut det ut krig i himmelen: Mikael og englane hans gjekk til strid mot draken. Draken stridde saman med englane sine;
13Då draken såg at han var kasta ned på jorda, forfylgde han kvinna som hadde født gutebarnet.
14Men ho fekk dei to vengene til den store ørna, så ho kunne flyga ut til staden sin i øydemarka og få mat og det ho elles trong i ei tid og to tider og ei halv tid, langt borte frå ormen. Jes 40,31
15Ut or gapet sitt spruta ormen vatn som ei elv etter kvinna, og ville riva henne bort i straumen.
16Men jorda kom kvinna til hjelp. Ho opna munnen sin og svelgde elva som draken hadde sendt ut or gapet.
17Draken vart harm på kvinna og drog av stad og ville føra krig mot dei andre i ætta hennar, mot dei som rettar seg etter Guds bod og held fast på vitnemålet om Jesus. 11,7; 13,7
18Og han vart ståande på stranda ved havet.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.