Job 12 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Hjå Gud er visdom og velde

1Då tok Job til ords og sa:

2Ja, de er sanneleg noko til karar!

Med dykk døyr nok visdomen ut.

3Men eg òg har vit,

eg er ikkje ringare mann enn de.

Kven kjenner ikkje til slikt?

4Eg er til lått for mine vener,

eg som ropa til Gud og fekk svar,

eg som er rettvis og ærleg.

5«Bry deg ikkje om ulukka!»

tenkjer dei som er trygge.

«Ho ventar dei som er ustøe på foten.»

6Valdsmenn får ha sine telt i fred;

trygge er dei som vekkjer Guds vreide

og trur dei har Gud i si hand.

7Spør berre dyra, dei skal læra deg,

himmelens fuglar, dei skal gje deg kunnskap.

8Eller tenk på jorda, ho kan opplysa deg,

fisken i havet har noko å fortelja.

9Kven skjønar ikkje, når han ser alt dette,

at Gud har skapt det med si kraft?

10Han har kvar levande sjel i si hand

og rår over ånda i kvar manns kropp.

11Prøver ikkje øyra dei ord som vert sagde,

liksom ganen smakar på maten?

12Er det berre dei gamle som har visdom,

berre eit langt liv som gjev skjøn?

13Hjå Gud er visdom og velde,

han legg planar med vit.

14Når han riv ned, byggjer ingen opp;

når han stengjer for ein mann, kan ingen opna.

15Sjå, han demmer for vatnet, då turkar det bort,

han slepper det ut, og det riv jorda med seg.

16Hjå han er styrke og klokskap;

han rår over den som fer vilt,

og over den som fører vilt.

17Rådsherrar fører han berrføtte bort,

og domarar gjer han til dårar.

18Han løyser kongars lekkjer

og bind hoftekledet om dei.

19Han fører prestar berrføtte bort

og feller mektige menn.

20Han tek mælet frå pålitelege folk

og dømekrafta frå dei eldste.

21Han auser vanvørdnad ut over fyrstar

og løyser beltet på sterke menn.

22Han avslører det som er løynt i mørkret,

og det som er stummande mørkt,

fører han fram i ljoset.

23Han lèt folka auka – og gjer ende på dei,

lèt folkeslag breia seg – og fører dei bort.

24Han tek vitet frå landsens hovdingar

og fører dei vilt i veglaus audn.

25Dei fomlar i mørker, og det ljosnar ikkje,

han lèt dei raga som drukne menn.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help