3. Mosebok 10 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Nadab og Abihu syndar og døyr

1Arons-sønene Nadab og Abihu tok kvar si glopanne, hadde glør i dei, la røykjelse på glørne og bar uvigsla eld fram for Herren, i strid med det han hadde gjeve dei påbod om.

2Då fór det ut eld frå Herren og tynte dei, og dei døydde for Herrens åsyn.

7De skal ikkje gå bort frå møteteltdøra, for då må de døy, for Herrens salvingsolje er på dykk.» Dei gjorde som Moses sa.

8Herren sa til Aron:

9«Vin eller sterk drikk må du og sønene dine ikkje drikka når de skal gå inn i møteteltet. For då kjem de til å døy. Det skal vera ei evig lov for dykk, frå ætt til ætt, Esek 44,21

10så de kan skilja mellom heilagt og vanheilagt, mellom ureint og reint, Esek 44,23

11og læra israelittane alle dei lovene som Herren har late Moses kunngjera for dei.»

12Moses sa til Aron og til Elasar og Itamar, dei av sønene hans som endå var i live: «Ta det grødeofferet som er att av Herrens eldoffer, og et det usyrt frammed altaret! For det er høgheilagt.

13De skal eta det på ein heilag stad. Det er den delen av Herrens eldoffer som du og sønene dine har rett til. Det har eg fått påbod om. 2,3.10; 6,9

14Brystet som vert svinga og låret som vert gjeve i avgift, skal de òg eta på ein vigsla stad, du og sønene og døtrene dine. For det er den delen av måltidsoffera åt israelittane som er fastsett for deg og borna dine. 7,34; 4 Mos 6,20

15Låret som vert gjeve i avgift og brystet som vert svinga, skal de bera fram saman med feittet av eldofferet og svinga det for Herrens åsyn. Det høyrer deg og borna dine til. Den retten skal de ha til evig tid, så som Herren har sagt.»

16Då Moses spurde etter syndofferbukken, viste det seg at han var oppbrend. Då vart han harm på Elasar og Itamar, dei som var att av sønene til Aron, og sa: 9,3.15

17«Kvifor har de ikkje ete syndofferet på ein heilag stad? Det er då eit høgheilagt offer. Herren har gjeve dykk det for at de skal ta bort skulda åt Israels-lyden og gjera soning for dei for Herrens åsyn. 6,19f

18Blodet vart ikkje bore inn i heilagdomen. Difor skulle de ha ete offerkjøtet på ein heilag stad, som eg har sagt.» 6,23

19Då sa Aron til Moses: «I dag har dei bore fram syndofferet og brennofferet sitt for Herrens åsyn, og likevel har slikt kome over meg. Om eg hadde ete syndoffer i dag, ville det ha vore etter Herrens vilje?»

20Då Moses høyrde det, tykte han det var rett.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help