1Moses gjætte no småfeet åt Jetro, verfar sin, presten i Midjan. Så hende det ein gong då han dreiv feet over på den andre sida av øydemarka, at han kom til Horeb, Guds-fjellet.
2Der synte Herrens engel seg for han i ein logande eld, som slo opp or ein klungerrunne. Han såg at runnen stod i ljos loge, men klungeren brann ikkje opp.
7Så sa Herren: «Eg har sett kor vondt folket mitt har det i Egypt, og høyrt korleis dei klagar over futane. Eg veit kva dei må lida.
8Og eg har stige ned og vil fria dei frå egyptarane og føra dei opp frå dette landet til eit godt og vidt land, eit land som fløymer med mjølk og honning. Der bur kanaanearane og hetittane, amorittane og perisittane, hevittane og jebusittane.
15Så sa Gud til Moses: «Du skal seia til israelittane: Herren, dykkar fedrars Gud, Abrahams Gud, Isaks Gud og Jakobs Gud, har sendt meg til dykk. Det skal vera namnet mitt til evig tid, og så skal dei kalla meg frå ætt til ætt.
16Gå no og kall saman dei eldste i Israel og sei til dei: Herren, dykkar fedrars Gud, Abrahams, Isaks og Jakobs Gud, har synt seg for meg og sagt: Eg har halde auga med dykk og sett korleis dei fer åt med dykk i Egypt.
17Difor vil eg fria dykk ut or Egypt, der de lid vondt, og føra dykk opp til landet åt kanaanearane og hetittane, amorittane og perisittane, hevittane og jebusittane, eit land som fløymer med mjølk og honning.
18Dei kjem til å høyra på det du seier. Og så skal de, du og dei eldste i Israel, gå fram for kongen i Egypt og seia: Herren, Hebrearguden, har møtt oss. Lat oss få lov til å fara tre dagsleier ut i øydemarka og ofra til Herren vår Gud! 5,1ff; 7,16; 8,27
19Men eg veit at egyptarkongen ikkje gjev dykk lov til å fara utan at han får kjenna ei sterk hand over seg.
20Så vil eg lyfta handa og slå egyptarane med alle dei under som eg vil gjera mellom dei. Då skal han la dykk fara.
21Og eg vil laga det så at egyptarane får godvilje for dette folket, så de ikkje skal fara tomhendte bort. 1 Mos 15,14+
22Kvar kone skal be grannekona si eller den ho bur i lag med, om sølv og gull og klede, og det skal de la sønene og døtrene dykkar ha på seg. Det skal vera hærfanget de tek av egyptarane.»
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.