Esekiel 11 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Dom over leiarane i Jerusalem

1Så lyfte ånda meg opp og førte meg til austporten i Herrens hus, den som vender mot aust. Attmed inngangen til porten såg eg tjuefem menn, og midt imellom dei såg eg Ja'asanja, son til Assur, og Pelatja, son til Benaja, som var hovdingar over folket.

4Tal difor profetord mot dei! Tal profetord, menneske!»

5Då kom Herrens Ande over meg og baud at eg skulle seia: Så seier Herren: Såleis talar de, Israels ætt, og eg kjenner dei tankane som stig opp i dykk.

6De har drepe så mange her i byen at gatene er fulle av falne.

14Herrens ord kom til meg, og det lydde så:

15Menneske! Brørne dine, dei mennene som er bortførte saman med deg, heile denne ætta av Israel, om dei seier folket i Jerusalem: «Dei er langt borte frå Herren. Vi har fått landet i eige.»

22Då lyfte kjerubane vengene sine, og hjula fylgde med. Høgt oppover dei trona herlegdomen åt Israels Gud. 9,3+

23No steig Herrens herlegdom opp frå byen og stogga på det fjellet som ligg austanfor byen.

24Ånda lyfte meg opp og tok meg med til dei bortførte i Kaldea. Dette hende ved Guds Ande, i eit syn. Så vart det borte for meg, det synet eg hadde hatt. 3,14.15; 8,3

25Og eg tala til dei bortførte alle dei ord som Herren hadde openberra for meg i synet.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help