Esra 7 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Esra kjem til Jerusalem

1Nokre år etter, då Artaxerxes var konge i Persia, drog Esra heim frå Babylonia. Han var son til Seraja, som var son til Asarja, son til Hilkia,

2son til Sjallum, son til Sadok, son til Akitub,

3son til Amarja, son til Asarja, son til Merajot,

4son til Serakja, son til Ussi, son til Bukki,

5son til Abisjua, son til Pinhas, son til Elasar, son til Aron, øvstepresten.

6Esra var ein skriftlærd mann og hadde god kjennskap til Moselova, som Herren, Israels Gud, hadde gjeve. Kongen gav han alt han bad om, for Herren hans Gud heldt si hand over han.

7I det sjuande året Artaxerxes var konge, drog nokre israelittar med prestar, levittar, songarar, portvaktarar og tempeltenarar til Jerusalem.

8Dei kom til Jerusalem i den femte månaden i kongens sjuande styringsår.

9Esra hadde avgjort at dei skulle fara frå Babylonia den fyrste dagen i den fyrste månaden, og den fyrste dagen i den femte månaden kom han til Jerusalem. For hans Gud heldt si gode hand over han.

10For Esra hadde sett seg føre å granska Herrens lov, å fylgja henne og å læra folket i Israel lov og rett.

11Dette er ei avskrift av brevet frå kong Artaxerxes til presten Esra, den skriftlærde, som var kunnig i dei bod og føreskrifter som Herren har gjeve Israel:

12«Artaxerxes, kongen over kongane, til presten Esra, den skriftlærde, som er kunnig i lova åt Gud i himmelen.

13Dette påbodet gjev eg: Alle israelittar, prestar og levittar i kongeriket mitt som vil fara til Jerusalem, kan fylgja deg.

14For kongen og dei sju rådgjevarane hans sender deg til Judea og Jerusalem. Der skal du røkja etter om tilhøva er i samsvar med lova åt din Gud, som du har hjå deg.

26Og kvar den som ikkje lever etter lova åt din Gud og lova åt kongen, skal få ein rettferdig dom, anten straffa vert død, landlysing, bot eller fengsel.»

27Då sa Esra: «Lova vere Herren, våre fedrars Gud, som gav kongen den tanken at han skulle pryda Herrens hus i Jerusalem,

28og lét kongen og rådgjevarane og alle dei mektige embetsmennene hans få godvilje for meg. Herren min Gud heldt si hand over meg. Difor kjende eg meg sterk og samla nokre av hovdingane i Israel; dei skulle fara opp til Jerusalem saman med meg.»

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help