1Så seier Herren
til den han har salva,
til Kyros, som eg held i hans høgre hand
for å tvinga folkeslag under han,
løysa beltet av kongar
og opna dører for han,
så ingen port skal vera stengd.
2Eg vil gå føre deg.
Bakkar vil eg jamna,
bronsedører vil eg sprengja,
og jernbommar vil eg slå sund.
3Eg vil gje deg skattar, dulde i mørkret,
og rikdomar, gøymde på løynlege stader,
så du skal vita at eg er Herren,
Israels Gud, som har kalla deg på namn.
4For min tenar Jakobs skuld,
for Israel, min utvalde,
har eg kalla deg og gjeve deg eit ærenamn,
endå du ikkje kjende meg.
5Eg er Herren, og ingen annan,
utan meg finst det ingen Gud.
Eg spente beltet om livet på deg,
endå du ikkje kjende meg,
6så dei skal vita både i aust og vest
at det finst ingen annan enn eg.
Eg er Herren, og ingen annan.
7Eg skaper ljoset,
og eg lagar mørkret;
eg skaper lukke og ulukke.
Det er eg, Herren, som gjer alt dette.
8Lat det drypa ovanfrå, du himmel,
lat rettferd strøyma, de skyer!
Jorda skal opna seg for det,
og den frukt ho ber, er frelse,
det ho lèt gro, er rettferd.
Eg, Herren, skaper dette. Kven kan døma om Herrens verk?
9Ve den som trettar med sin skapar
– eit krusbrot mellom krusbrot av jord!
Kan leiret seia til han som formar det:
«Kva er det du gjer?»
Kan verket seia:
«Han har ikkje handlag»?
10Ve den som seier til ein far:
«Kva er det du avlar?»
og til ei kvinne:
«Kva er det du føder?»
11Så seier Herren, Israels Heilage,
han som skaper dei ting som kjem:
Kvi spør de meg om mine søner,
kvi seier de meg kva eg skal gjera?
12Det var eg som laga jorda
og skapte menneske der.
Eg spente ut himmelen med mine hender,
og heile hans hær baud eg ut.
13I rettferd har eg vekt ein mann
og jamna alle hans vegar.
Han skal byggja min by
og senda heim mitt bortførte folk
utan vederlag, utan betaling,
seier Herren, Allhærs Gud. Gud som løyner seg
14Så seier Herren:
Du skal få all den rikdom
som egyptarane har samla med sitt strev
og nubiarane med sin handel.
Og røslege karar frå Seba
skal koma og høyra deg til.
Deg skal dei fylgja,
og i lekkjer skal dei gå.
For deg skal dei kasta seg ned,
til deg skal dei fagnande seia:
«Berre hjå deg er Gud;
og det finst ingen annan,
ingen annan Gud.»
15Sanneleg, du er ein Gud som løyner seg,
du Israels Gud og frelsar.
16Til spott og skam skal dei verta,
alle som lagar gudebilete;
med vanære skal dei gå bort.
17Men Israel finn frelse hjå Herren;
ei evig frelse skal det vera.
De skal aldri verta til spott og skam.
For Herren skal kvart kne bøya seg18Ja, så seier Herren,
som skapte himmelen,
han, den einaste Gud,
som laga og forma jorda
og gjorde hennar grunnvollar faste,
som ikkje skapte henne til ei audn,
men laga henne til bustad for folk:
Eg er Herren, og ingen annan.
19Eg har ikkje tala i det dulde,
ein stad i det mørke land.
Eg har ikkje sagt til Jakobs ætt:
«Søk meg i det aude og tome!»
Eg, Herren, talar sanning
og forkynner det som er rett.
20Samla dykk og kom,
stig fram i lag,
de som har sloppe unna folkeslaga!
Dei skjønar ingenting,
dei som ber sine gudebilete av tre
og bed til ein gud som ikkje kan frelsa.
21Ta til ords, legg fram dykkar sak,
ja, berre rådlegg saman!
Kven har kunngjort dette føreåt
og forkynt det for lenge sidan?
Er det ikkje eg, Herren?
Utan meg er det ingen Gud;
det finst ingen annan rettferdig og frelsande Gud.
22Vend deg til meg og få frelse,
heile du vide jord!
For eg er Gud, og ingen annan.
23Ved meg sjølv har eg svore,
eit sanningsord har gått ut or min munn,
eit ord som eg ikkje tek att:
For meg skal kvart kne bøya seg,
kvar tunge skal sverja meg truskap.
24Om meg skal dei seia:
«Berre hjå Herren er frelse og styrke.»
Til han skal dei skamfulle koma,
alle som harmast på han.
25Ved Herren skal dei vinna rettferd,
og av han skal dei rosa seg,
alle som er av Israels ætt.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.