1Judas, Jesu Kristi tenar og Jakobs bror, helsar dei som er kalla, som er elska av Gud Fader og haldne oppe for Jesus Kristus.
2Miskunn, fred og kjærleik vere med dykk i rikt mål!Vranglærarane og domen over dei
3Mine kjære! Eg har hatt eit inderleg ynske om å skriva til dykk om den frelsa som vi har saman. Men no ser eg meg nøydd til å senda dykk nokre formanande ord om å strida for den tru som ein gong for alle er overgjeven til dei heilage.
5Då er det noko eg vil minna dykk om, endå de alt kjenner vel til det: Herren berga folket ut or Egypt, men sidan gjorde han ende på dei som ikkje ville tru.
8Likevel gjer desse menneska det same. Drivne av sine syner sulkar dei til lekamen sin, vanvørder herredøme og spottar englemakter.
11Ve dei! Dei har slege inn på same vegen som Kain; dei har kasta seg ut i same villfaring som Bileam, han som var ute etter eiga vinning; dei har gjort opprør som Korah; difor har dei gått til grunne.
14Det var om desse Enok, Adams etterkomar i sjuande leden, spådde då han sa: «Sjå, Herren kjem med sine heilage englar i tusental. Lovprising
24Han som har makt til å verna dykk, så de ikkje fell, og føra dykk feilfrie og jublande fram for sin herlegdom,
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.