1Då Isak var gamal vorten og dimdest så på synet at han mest var blind, kalla han til seg Esau, eldste son sin, og sa: «Du son min!» Han svara: «Ja, her er eg.»
2Så sa han: «Du ser eg er gamal vorten; eg veit ikkje kva dag eg skal døy.
3Ta no jaktreiskapen din, pilehuset og bogen, og gå ut i marka og skyt noko vilt åt meg!
4Lag så ein god rett, av det slaget eg likar! Kom hit med han og lat meg eta, så eg kan velsigna deg før eg døyr.»
5Rebekka lydde på medan Isak tala til Esau, son sin. Så gjekk Esau ut i marka og ville skyta noko vilt og ha med seg heim.
6Då sa Rebekka til Jakob, son sin: «Høyr her! Eg høyrde at far din tala til Esau og sa:
7Kom heim med noko vilt, lag ein god rett og lat meg eta, så vil eg velsigna deg for Herrens åsyn før eg døyr!
8Lyd no meg, guten min, og gjer det eg byd deg!
9Gå bort til småfeet og henta to fine kje, så skal eg laga ein god rett åt far din av det slaget han likar.
10Den skal du bera inn til far din, så han kan eta og velsigna deg før han døyr.»
11Då sa Jakob til mor si: «Du veit Esau, bror min, er loden, og eg er snau.
«Kjenn, angen av son min
er lik angen av ei eng
som Herren har velsigna!
28Gud gjeve deg dogg frå himmelen
og rikeleg med grøde på jorda,
korn og vin i mengd!
29Folkeslag skal tena deg,
folk skal falla til fote for deg.
Ver herre over dine brør!
Sønene åt mor di skal bøya seg for deg!
Forbanna vere dei som forbannar deg,
og velsigna dei som velsignar deg!»
30Med det same Isak hadde velsigna Jakob – han var berre så vidt komen ut frå far sin – då kom Esau, bror hans, heim att frå jakta.
31Han òg laga ein god rett og bar inn til far sin. «Far,» sa han, «vil du ikkje stå opp og eta av viltet eg har skote, så du kan velsigna meg!»
32«Kven er du?» spurde Isak. Han svara: «Eg er Esau, eldste son din.»
33Då vart Isak så forfærd at han skalv, og han sa: «Kven var det då som kom til meg med noko vilt han hadde skote? Eg åt av det før du kom, og velsigna han; og no lyt han vera velsigna.»
34Då Esau høyrde dei orda av far sin, sette han i eit høgt og hjarteskjerande skrik og sa: «Velsigna meg òg, far!»
37Då tok Isak til ords og sa til Esau: «Eg har sett han til herre over deg, og alle brørne hans har eg gjort til trælane hans. Med korn og vin har eg sytt for han. Kva kan eg så gjera for deg, son min?»
38Esau svara: «Har du berre denne eine velsigninga, far? Velsigna meg òg, far!» Og Esau gret høgt.
39Då tok Isak til ords att og sa:
«Langt borte frå den grøderike jord
skal din bustad vera
og utan dogg frå himmelen.
40Av sverdet ditt skal du leva,
og bror din lyt du tena.
Men når du ein gong slit deg laus,
skal du riva åket hans av nakken din.»
41Esau la Jakob for hat fordi far hans hadde velsigna han. Og Esau sa med seg sjølv: «Snart kjem den tid då vi lyt syrgja over far. Då skal eg drepa Jakob, bror min.»
42Då Rebekka fekk vita kva Esau, eldste son hennar, hadde sagt, sende ho bod etter Jakob, yngste son sin, og sa til han: «Høyr her! Esau, bror din, vil hemna seg på deg og drepa deg.
43Lyd no meg, guten min! Gjer deg ferdig og røm til Laban, bror min, i Karan!
44Ver hjå han ei tid, til harmen har gått av bror din,
45til vreiden hans har vendt seg frå deg, og han har gløymt det du gjorde mot han! Då skal eg senda bod og henta deg heim att. Kvifor skulle eg missa dykk begge på ein og same dagen?»
Isak sender Jakob til Laban46Rebekka sa til Isak: «Eg er lei av livet for desse hetittkvinnene skuld. Skulle no Jakob òg ta seg ei slik hetittjente til kone, ei av døtrene i landet, kva skal eg då leva for?»
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.