1Herrens ord kom til meg, og det lydde så:
2Menneske, tal profetord mot dei profetane i Israel som driv og spår. Til dei som spår av eiga lyst, skal du seia: Høyr Herrens ord!
19De vanhelgar meg hjå folket mitt for nokre nevar bygg og nokre bitar brød, når de drep menneske som ikkje skulle døy, og bergar livet åt andre som ikkje skulle leva. Såleis lyg de for folket mitt, som gjerne høyrer på lygn.
20Difor seier Herren Gud: No vil eg ha tak i dei binda som de fangar menneske med, liksom ein fangar fuglar. Eg riv dei av armane dykkar og friar ut dei menneska de har fanga som fuglar.
21Så riv eg sund sløra dykkar og bergar folket mitt ut or hendene dykkar. Dei skal aldri meir verta jaktbytte og koma i dykkar vald. Då skal de sanna at eg er Herren.
22Med lygn og svik tek de motet frå ein rettferdig mann, endå eg ikkje har valda han sorg. Men den gudlause stør de, for at han ikkje skal venda om frå si vonde ferd, så eg kan la han leva. Jer 23,14
23Difor skal de ikkje lenger ha tome syner og ikkje driva med spådom. Eg vil berga folket mitt ut or hendene dykkar. Då skal de sanna at eg er Herren.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.