1. Kongebok 21 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Nabots vingard

1Ei tid etter hende dette: Nabot, ein mann i Jisre'el, hadde ein vingard. Han låg innmed eit slott som høyrde Akab, kongen i Samaria, til.

2Akab tala med Nabot og sa: «Lat meg få vingarden din! Eg vil ha han til grønsakhage, for han ligg så nær huset mitt. Eg skal gje deg ein betre vingard i staden, eller eg skal, om du så vil, gje deg det han er verd i pengar.»

3Men Nabot svara: «Herren fri meg frå å gje deg fedrearven min!»

25Aldri har det vore ein slik konge som Akab. Han selde seg til å gjera det som vondt var i Herrens augo, fordi Jesabel, kona hans, lokka han til det.

26Aller verst bar han seg åt då han gav seg til å fylgja avgudane, heilt og fullt som amorittane hadde gjort, dei som Herren dreiv bort for israelittane.

27Då Akab høyrde dette, reiv han sund kleda sine, batt strieplagg om kroppen og fasta. Og han sov i strieplagga og gjekk stilt ikring.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help