1Ein klok son lèt seg aga av far sin,
men spottaren høyrer ikkje på skjenn.
2Ein mann nyt godt av det munnen ber fram,
dei trulause trår etter vald.
3Den som aktar sin munn, tek vare på livet,
den som er stor i munnen, skader seg sjølv.
4Den late vil ha, men får ikkje noko,
den annsame får det han ynskjer seg.
5Den rettvise hatar usann tale,
den gudlause ber seg stygt og skamlaust åt.
6Rettferd vernar den som er heil i si ferd,
men gudløyse fører ein syndar til fall.
7Ein ter seg rik, men har ingen ting,
ein annan ter seg fattig, men eig mykje.
8Ein rik mann må kjøpa seg fri med sin rikdom,
ein fattig kjem ikkje ut for trugsmål.
9Ljoset åt dei rettferdige skin klårt,
men lampa åt dei gudlause sloknar.
10Hovmod fører berre til trette,
kloke er dei som tek imot råd.
11Lettvunnen rikdom minkar snart,
den som samlar litt etter litt, får mykje.
12Langvarig venting gjer vondt i hjarta,
som eit livsens tre er eit oppfylt ynske.
13Den som vanvørder ordet, skader seg sjølv,
den som ottast bodet, får løn.
14Vismanns lære er ei kjelde til liv,
ei hjelp som bergar frå dødens snarer.
15Den som har godt vit, vinn velvilje,
men svikarars veg fører til ulukke.
16Den som er klok, fer fram med vit,
men dåren lèt alle sjå hans dårskap.
17Ein gudlaus bodberar fell i ulukke,
med eit trufast sendebod fylgjer lækjedom.
18Armod og skam får den som ikkje vil vita av tukt,
men ære får den som aktar på refsing.
19Eit oppfylt ynske gjer sjela godt,
å vika frå vondskap er ei gru for dårar.
20Den som held lag med vismenn, vert vis,
men dårars ven går det ille.
21Ulukke forfylgjer syndarar,
dei rettferdige får lukke til løn.
22Ein god mann lèt etter seg arv til barneborn,
men det syndaren eig, er spart til den rettvise.
23Fattigfolks nybrot gjev rikeleg føde,
men ho går tapt når uretten rår.
24Den som sparer på riset, hatar son sin,
den som elskar han, tuktar han tidleg.
25Den rettvise får eta seg mett,
men dei gudlause må gå med magen tom.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.