1Når vi har så stor ei sky av vitne ikring oss, så lat oss leggja av alt som tyngjer, og synda som har så lett for å hanga ved oss, og med tolmod fullføra det laupet som er lagt framfor oss, Gud oppsedar oss
4I striden mot synda har de enno ikkje gjort slik motstand at det stod om livet.
5Har de gløymt dei manande ord som talar til dykk som til søner:
Son min, vanvørd ikkje Herrens tukt,
miss ikkje motet når han refser deg.
6For den Herren elskar, tuktar han,
og han refser kvar son han tek seg av.
7At de må lida, tener til å oppseda dykk; Gud steller med dykk som med born. Finst det ein son som faren ikkje tuktar?
8Får de ikkje tukt som alle andre, då er de ikkje søner, men uekte born.
9Vi har hatt våre jordiske fedrar som tukta oss, og vi hadde age for dei. Skal vi ikkje mykje heller bøya oss under han som er Far til åndene, så vi kan vinna livet?
10For fedrane tukta oss berre ei stutt tid etter sitt eige skjøn, men han gjer det til vårt beste, så vi skal få del i hans heilagdom.
11All tukt tykkjest vel, medan ho står på, å vera meir til sorg enn til glede. Men sidan ber ho freds- og rettferds-frukt hjå dei som er oppøvde med tukt.
12Difor, rett dei hangande hender
og styrk dei skjelvande kne!
13Lat føtene gå rett fram på vegen, så det halte ikkje går or led, men heller vert lækt.
14Legg vinn på å leva i fred med alle, og streva etter helging; for utan helging skal ingen sjå Herren. Sinai og Sion
18De er ikkje komne til eit fjell som ein kan ta og kjenna på, med logande eld, med skyer, mørker og storm,
25Sjå til at de ikkje viser frå dykk han som talar! Dei som viste frå seg han som tala sitt ord her på jorda, slapp ikkje unna. Endå mindre skal vi sleppa unna om vi vender oss bort frå han som talar frå himmelen.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.