Dommarane 1 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Landnåmet

1Då Josva var borte, spurde israelittane Herren: «Kven av oss skal fyrst fara ut og strida mot kanaanearane?»

11Så gjekk dei mot Debir-buane. Debir heitte før i tida Kirjat-Sefer.

20Kaleb fekk Hebron, så som Moses hadde sagt; og han dreiv dei tre Anak-sønene ut derifrå.

22Josefs-sønene tok òg ut i striden; dei gjekk mot Betel, og Herren var med dei.

23Dei sende ut folk til å speida i Betel. Den byen heitte før i tida Lus.

29Efraim dreiv ikkje ut kanaanearane som budde i Geser. Kanaanearane vart buande der mellom dei. Jos 16,10

30Sebulon dreiv ikkje ut dei som budde i Kitron og Nahalol. Kanaanearane vart buande mellom Sebulons-sønene, men dei laut gjera trælearbeid.

31Asjer dreiv ikkje ut dei som budde i Akko og Sidon, i Aklab, Aksib, Helba, Afik og Rehob.

32Asjers-sønene busette seg mellom dei kanaanearane som heldt til i landet; for dei greidde ikkje å driva dei ut.

33Naftali dreiv ikkje ut dei som budde i Bet-Sjemesj og Bet-Anat. Dei busette seg mellom kanaanearane som åtte heime i landet. Men folket i Bet-Sjemesj og Bet-Anat laut træla for dei.

34Amorittane trengde Dans-sønene opp i fjellet og lét dei ikkje få koma ned på sletta.

35Amorittane greidde å halda seg i Har-Heres, Ajjalon og Sja'albim. Men sidan fekk Josefs-ætta overtaket og nøydde dei til å træla for seg.

36Grensa til amorittane gjekk frå Akrabbim-skaret og oppetter frå Sela.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help