1Då kalla Isak Jakob til seg, velsigna han og sa til han: «Du skal ikkje ta deg ei kone mellom kvinnene i Kanaan!
6Esau fekk vita at Isak hadde velsigna Jakob og sendt han til Mesopotamia for å henta seg ei kone der, og at han hadde velsigna han og sagt at han ikkje skulle ta seg ei kone mellom kvinnene i Kanaan.
7Og Jakob hadde lydt far sin og mor si og fare til Mesopotamia.
8Då Esau skjøna at Isak, far hans, ikkje lika dei kanaaneiske kvinnene,
9gjekk han til Ismael og tok Mahalat til kone attåt dei andre konene sine. Ho var dotter til Ismael, son til Abraham, og syster til Nebajot.Jakobs-draumen
10Jakob tok ut frå Be'er-Sjeba og gav seg på vegen til Karan.
11Då sola var gladd, kom han til ein stad der han slo seg til for natta. Han tok ein av steinane der på staden, la han attom hovudet og la seg til å sova.
12Då hadde Jakob ein draum. Han såg ein stige som stod på jorda og nådde opp til himmelen. Og sjå, Guds englar steig opp og ned i stigen.
18Morgonen etter stod Jakob tidleg opp. Han tok den steinen han hadde hatt attom hovudet, reiste han til ein minnestein og slo olje på han.
19Han kalla staden Betel. Før heitte byen Lus.
20Så gav Jakob denne lovnaden: «Vil Gud vera med meg og verna meg på denne ferda, vil han gje meg brød å eta og klede til å ha på meg,
21og la meg koma vel heim att til farshuset mitt, så skal Herren vera min Gud.
22Denne steinen som eg har reist til ein minnestein, skal vera eit Guds hus; og av alt du gjev meg, skal eg svara deg tiend.»
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.