1Herrens ord kom til meg, og det lydde så:
2Menneske, du bur midt iblant ei trassig ætt, eit folk som har augo å sjå med, men ikkje ser, og øyro å høyra med, men ikkje høyrer; for ei trassig ætt er dei.
4Det du vil ha med deg når du fer bort, skal du bera ut om dagen beint for augo på folk. Og om kvelden skal du fara av stad, medan dei ser på, lik folk som vert bortførte.
5Bryt deg eit hol i veggen og ber tinga dine ut gjennom det, medan dei ser på.
6Du skal lyfta dei opp på aksla beint for augo på folk, og når det vert mørkt, skal du fara av stad. Andletet ditt skal du dekkja til, så du ikkje kan sjå landet. Såleis gjer eg deg til eit teikn for Israels ætt.
7Eg gjorde så som det vart sagt meg. Eg bar tinga mine ut om dagen, som om eg skulle førast bort. Om kvelden braut eg hol i veggen, og då det vart mørkt, bar eg tinga mine bort. Eg tok dei på aksla medan folk stod og såg på.
8Morgonen etter kom Herrens ord til meg, og det lydde så:
9Menneske, har ikkje Israel, den trassige ætta, spurt deg: «Kva er det du gjer?»
10Du skal seia til dei: Så seier Herren Gud: Dette domsordet gjeld fyrsten i Jerusalem og heile den ætta av Israel som er i byen.
11Og du skal seia: Eg er eit teikn for dykk. Det eg har gjort, skal gjerast med folket i byen. Dei skal førast som fangar til framandt land.
12Fyrsten som er hjå dei, skal ta tinga sine på aksla og dra bort når det vert mørkt. Dei skal bryta hol i muren og føra han ut gjennom det. Andletet skal han dekkja til, så han ikkje kan sjå landet med sine augo. Herrens ord slår ikkje feil
17Herrens ord kom til meg, og det lydde så:
18Menneske! Brødet ditt skal du eta skjelvande, og vatn skal du drikka med otte og age.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.