Jeremia 19 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Den knuste krukka i Hinnom-dalen

1Så sa Herren: Gå til krusmakaren og kjøp ei krukke! Ta så med deg nokre av dei eldste i folket og av prestane

2og gå ut i Hinnom-dalen, til inngangen til Krusbrot-porten! Der skal du forkynna dei orda eg talar til deg.

3Du skal seia: Høyr Herrens ord, de Juda-kongar og Jerusalems-buar! Så seier Herren, Allhærs Gud, Israels Gud: No vil eg føra slik ulukke over denne staden at det ringjer for øyro på alle som høyrer om det,

6Difor skal dagar koma, lyder ordet frå Herren, då dei ikkje lenger skal kalla denne staden Tofet og Hinnom-dalen, men Drapsdalen.

7På denne staden gjer eg Judas og Jerusalems planar til inkjes. Eg lèt dei falla for sverd beint framfor augo på fiendane deira, ved dei som står dei etter livet. Og eg gjev lika deira til føde for fuglane under himmelen og dyra på marka.

10Sidan skal du knusa krukka framfor augo på dei menn som går med deg,

11og seia til dei: Så seier Herren, Allhærs Gud: Eg vil knusa dette folket og denne byen liksom ein knuser eit leirkar, så det ikkje lèt seg bøta. Og i Tofet skal dei gravleggja folk, fordi det ikkje finst gravplass andre stader. Presten Pasjkur straffar Jeremia

14Då Jeremia kom att frå Tofet, dit Herren hadde sendt han for å tala profetord, steig han fram i føregarden til Herrens hus og sa til alt folket:

15Så seier Herren, Allhærs Gud, Israels Gud: No sender eg over denne byen og over alle dei byane som høyrer han til, all den ulukka eg har truga med. For dei er stridlyndte og høyrer ikkje på mine ord.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help