1Året etter at israelittane hadde fare frå Egypt, i den fyrste månaden, tala Herren til Moses i Sinai-øydemarka og sa:
9Herren sa til Moses:
10Tal til israelittane og sei: Om nokon av dykk eller etterkomarane dykkar kjem nær lik og vert ureine, eller om dei er på langferd, skal dei like fullt halda påske for Herren.
11Den fjortande dagen i den andre månaden, straks etter soleglad, skal dei halda helg. Dei skal eta påskelammet med usyrt brød og bitre urter attåt. Skya over heilagdomen
15Den dagen heilagdomen vart reist, la skya seg over han, over lovteltet. Om kvelden var det som ein eld å sjå over heilagdomen, og den heldt seg til om morgonen. 2 Mos 40,36ff
16Såleis var det støtt. Skya låg over teltet, og om natta var ho liksom ein eld.
17Kvar gong skya lyfte seg frå teltet, tok israelittane straks ut; og på den staden der skya stogga, slo dei leir.
18På Herrens ord tok israelittane ut, og på Herrens ord slo dei leir. Så lenge skya låg over heilagdomen, heldt dei seg i leiren.
19Israelittane tok heller ikkje ut når skya låg over heilagdomen i mange dagar; dei retta seg etter Herrens påbod.
20Stundom låg skya berre nokre få dagar over heilagdomen. Då heldt dei seg i leiren så lenge Herren ville, og dei tok ut når han ville.
21Stundom låg skya berre frå kveld til morgon. Då tok israelittane ut så snart ho lyfte seg om morgonen. Anten det var dag eller natt, tok dei ut når skya lyfte seg.
22Når skya låg over heilagdomen eit par dagar eller ein månad eller endå lenger, tok israelittane ikkje ut, men heldt seg i leiren så lenge ho var der. Fyrst når skya lyfte seg, tok dei ut.
23På Herrens ord slo dei leir, og på Herrens ord tok dei ut. Dei retta seg etter Herrens vilje og gjorde som han hadde sagt gjennom Moses.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.