Salmane 48 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Guds by

1Ein song. Ein salme.

Av Korah-songarane.

2Stor er Herren, og høgt er han lova

i vår Guds by, på hans heilage fjell.

3Det reiser seg fagert, ei glede for all jorda,

Sion-fjellet lengst i nord,

byen åt den store kongen.

4Gud er i borgene der,

kjend som eit trygt vern.

5Sjå, kongane slo seg saman,

i fylking drog dei fram.

6Men då dei såg opp, vart dei vitskræmde

og rømde i bråhast.

7Der vart dei gripne av skjelvande redsle,

av angst som ei fødande kvinne.

8Det var som når storm frå aust

knuser Tarsis-skip.

9Det vi før høyrde, har vi no sett

i byen åt Herren, Allhærs Gud,

i vår Guds by.

Han held han oppe til evig tid. Sela

10Vi grundar på din truskap, Gud,

i ditt heilage tempel.

11Ditt namn er kjent, Gud,

og det får lovsong

heilt til endane av jorda.

Di høgre hand er full av rettferd.

12På Sion-fjellet gleder dei seg,

og i Juda-byane jublar dei

over dine domar.

13Gå rundt om Sion, gå heilt ikring,

tel kvart tårn i byen!

14Legg merke til festningsvollane

og gå igjennom borgene!

Fortel så til den ætt som kjem,

15at slik er Gud, vår Gud, for evig.

Han skal føra oss ut over døden.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help