Jeremia 9 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

1Å, om hovudet mitt var vatn

og auga mitt ei tårekjelde!

Då ville eg gråta dag og natt

over dei falne i folket mitt. Klage over synda i folket

2Å, om eg fann nattelivd

for ferdafolk i øydemarka!

Då ville eg skiljast med folket mitt

og gå bort frå dei.

For dei er alle ekteskapsbrytarar,

ein flokk av trulause menn.

3Dei spenner tunga som ein boge.

Ikkje på ærleg vis, men med lygn

har dei vorte herrar i landet.

Dei går frå vondskap til vondskap,

og meg kjenner dei ikkje,

lyder ordet frå Herren.

4Akta dykk for kvarandre,

lit ikkje eingong på ein bror!

Bror fer med list mot bror,

ven går rundt og baktalar ven.

5Dei svik kvarandre,

og ingen talar sanning.

Dei har vant si tunge til å tala lygn,

dei ber seg ille åt og vil ikkje venda om.

6Vald fylgjer på vald og svik på svik,

og meg vil dei ikkje kjennast ved,

lyder ordet frå Herren.

7Difor seier Herren, Allhærs Gud:

Eg vil smelta dei og prøva dei.

Kva kan eg elles gjera for folket mitt?

8Tunga deira er ei drepande pil,

i munnen har dei svikefulle ord.

Dei talar venleg til nesten sin,

men i tankane set dei feller for han.

9Skulle eg ikkje straffa dei for slikt?

lyder ordet frå Herren.

Skulle eg ikkje hemna meg

på slikt eit folk? Kvifor er landet lagt i øyde?

10Eg set i med gråt og klage over fjella,

set i med klagesong over beita på steppa.

Dei er avsvidde, så ingen ferdast der;

det høyrest ingen rautande buskap.

Både fuglane under himmelen og dyra på marka

har rømt og er borte.

11Eg gjer Jerusalem til ei steinrøys,

ein tilhaldsstad for sjakalar.

Byane i Juda gjer eg til ei audn,

der ingen kan bu.

12Kven er så vis at han skjønar dette

og kan kunngjera det Herren har tala til han?

Kvifor er landet lagt i øyde,

avsvidt som ei øydemark,

så ingen ferdast der?

13Herren svara:

Fordi dei svikta mi lov,

som eg la fram for dei,

fordi dei ikkje lydde meg

og ikkje levde etter lova,

14men fylgde sitt harde hjarta

og heldt seg til Ba'al-gudane,

som fedrane deira hadde lært dei.

15Difor seier Herren,

Allhærs Gud, Israels Gud:

Eg lèt dette folket eta malurt

og drikka giftig vatn.

16Eg spreier dei mellom folkeslag

som korkje dei eller deira fedra kjende,

og sender sverdet etter dei

til eg får gjort ende på dei. Klagerop frå Sion

17Så seier Herren, Allhærs Gud:

Gjev akt! Send bod på klagekonene,

så dei kjem hit!

Kall på dei kunnige konene!

18Lat dei skunda seg og koma

og syngja klagesong over oss,

til augo våre fyllest av gråt,

og tårene dryp frå augneloka.

19Høyr, klageropet lyder frå Sion:

«Å, kor vi er herja!

Djupt må vi skjemmast,

for vi må bort frå landet,

sidan dei har lagt våre heimar i grus.»

20Ja, kvinner, høyr Herrens ord,

lat øyra opp for ordet han talar!

Lær døtrene dykkar klagesongar,

og lær kvarandre syrgjesongar:

21«Døden steig inn gjennom vindaugo

og trengde inn i borgene våre.

Han reiv småborn bort frå gata

og unge menn frå torga.»

22Tal såleis, seier Herren:

Lik av menneske skal liggja

som gjødsel ut over marka,

som kornband etter skurdfolket,

og ingen samlar dei opp. Den rette ros

23Så seier Herren:

Den vise skal ikkje rosa seg av visdomen sin,

den sterke ikkje av styrken sin

og den rike ikkje av rikdomen sin.

24Men den som rosar seg,

skal rosa seg av dette:

at han har vit og kjenner meg,

veit at eg er Herren, som syner miskunn

og gjer rett og rettferd på jorda.

For slikt har eg hugnad i,

lyder ordet frå Herren. Uomskorne hjarto

25Sjå, dagar skal koma, lyder ordet frå Herren, då eg vil heimsøkja alle desse som er omskorne:

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help