Klagesongane 3 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Liding og von

1Eg er ein mann som har opplevt naud,

Herren nytta staven i harme.

2Han har drive og ført meg

inn i mørker utan ljoske.

3Ja, mot meg har han vendt si hand,

heile dagen, gong på gong.

4Han lét mitt kjøt og mi hud tærast bort

og knuste mine bein.

5Han bygde opp ikring meg

ein mur av beiskleik og møde.

6På mørke stader lét han meg bu,

lik dei som døydde for lenge sidan.

7Han mura meg inne, så eg ikkje slapp ut,

og la meg i tunge bronselekkjer.

8Jamvel når eg skreik og ropa om hjelp,

ville han ikkje høyra mi bøn.

9Han stengde mine vegar med tilhoggen stein

og gjorde mine stigar krokete.

10Han vakta på meg som ein bjørn,

som ei løve frå si gøymsle.

11Han førte meg på villspor og lama meg,

eg vart stiv av redsle.

12Han spente bogen og sette meg opp

til mål for sine piler.

13Dei piler han hadde i pilehuset,

sende han inn i mine nyrer.

14Eg vart til lått for alt mitt folk,

dei spotta meg heile dagen.

15Beiskt var det han metta meg med,

han blanda malurt i mitt staup.

16Han gav meg småstein å tyggja på

og bøygde meg i støvet.

17Du støytte meg bort, tok freden frå meg,

eg gløymde kva lukke er.

18Eg sa: Det er slutt på mi ære

og på mi von til Herren.

19Tanken på mi naud og heimløyse

er som malurt og gift.

20Likevel må eg tenkja på det,

og mi sjel er sorgtyngd.

21Men ein ting legg eg meg på hjarta,

difor har eg von:

22Det er ikkje ute med Herrens nåde,

hans miskunn tek aldri slutt.

23Kvar morgon er ho ny,

stor er din truskap.

24Eg seier: Herren er min lut,

difor vonar eg på han.

25Herren er god mot dei

som ventar på han og søkjer han.

26Det er godt å vera still for Herren

og venta på hjelp frå han.

27Det er godt for mannen

å bera åk i sin ungdom.

28Han skal sitja åleine og teia

når Herren legg bører på han,

29bøya seg ned med munnen mot jorda,

– kanskje er det von –

30snu kinnet til den som slår,

og la seg metta med vanære.

31For Herren støyter ikkje bort

for alle tider.

32Valdar han sorg og plage,

miskunnar han seg i sin store truskap.

33For det hugar ikkje Herren

å kua eller plaga menneska.

34Når dei trør under fot

alle fangane i landet,

35rengjer retten for ein mann

framfor augo på Den Høgste

36eller gjer urett mot nokon i ei sak,

ser ikkje Herren slikt?

37Kven kan tala så noko hender

når Herren ikkje har bode det?

38Hender ikkje både vondt og godt

etter påbod frå Den Høgste?

39Kvifor klagar eit menneske som lever?

Kvar får syrgja over si synd!

40Lat oss ransaka og prøva våre vegar

og venda om til Herren!

41Lat oss lyfta hjarta og hender

til Gud i himmelen!

42Vi har synda og vore ulydige,

og du har ikkje tilgjeve.

43Du sveipte deg i vreide,

jaga og drap oss utan miskunn.

44Du sveipte deg i skyer,

så inga bøn rakk fram.

45Til skrap og skrot gjorde du oss

midt imellom folkeslaga.

46Alle våre fiendar

spilar opp gapet mot oss.

47Gru og grav, det vart vår lut,

øyding og undergang.

48Tårene strøymer frå augo mine

fordi mitt folk er knust.

49Tårene renn i eitt frå mitt auga,

og det tek ikkje slutt

50før Herren skodar ned

frå himmelen og ser det.

51Det gjer meg inderleg vondt

å sjå alle kvinnene i min by.

52Dei som var imot meg utan grunn,

jaga og jaga meg som ein fugl.

53Dei dreiv meg levande i ei fallgrav

og kasta stein over meg.

54Vatnet fløymde over mitt hovud;

eg tenkte: «No er det ute med meg.»

55Då ropa eg ditt namn, Herre,

djupt nede frå grava.

56Du høyrde på meg då eg bad:

«Du må ikkje lata att øyro

for mi bøn om berging!»

57Du var nær då eg kalla på deg;

du sa: «Ver ikkje redd!»

58Du, Herre, førte mi sak,

du løyste meg ut, så eg fekk leva.

59Du, Herre, såg kva urett eg leid,

og hjelpte meg til min rett.

60Du såg deira store hemnlyst,

alle deira vonde planar mot meg.

61Du høyrde kor dei spotta, Herre,

alt det vonde dei planla mot meg.

62Mine uvener kviskrar

og murrar mot meg dagen lang.

63Sjå, anten dei sit eller står,

syng dei nidviser om meg.

64Du vil gje dei att, Herre,

for det dei sjølve har gjort.

65Du gjer hjarta deira hardt,

og sender forbanning over dei.

66Du forfylgjer dei i vreide,

rydjar dei ut under Herrens himmel.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help