Nehemja 3 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Muren kring Jerusalem vert oppattbygd

1Eljasjib, øvstepresten, og brørne hans, prestane, gjekk no i gang og bygde Saueporten. Dei vigde han og sette inn dørene. Så heldt dei fram til Mea-tårnet og Hananel-tårnet, som dei òg vigde.

27Så kom mennene frå Tekoa, som vølte eit anna stykke, frå det store og framskotne tårnet og til Ofel-muren.

28Ovanfor Hesteporten arbeidde prestane, kvar framfor sitt eige hus.

29Etter dei kom Sadok, son til Immer, som arbeidde midt for sitt hus, og etter han Sjemaja, son til Sjekanja, som hadde vakthaldet ved Austporten.

30Etter han kom Hananja, son til Sjelemja, og Hanun, sjette sonen til Salaf, som vølte eit anna stykke, og så Mesjullam, son til Berekja, som arbeidde midt for romet sitt.

31Etter han kom Malkia, ein av gullsmedane, som vølte muren fram til huset åt tempeltenarane og kjøpmennene, midt for Mønstringsporten, og vidare til Hjørnesalen.

32Mellom Hjørnesalen og Saueporten arbeidde gullsmedane og kjøpmennene.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help