1I same synet fekk eg sjå Lammet stå på Sion-fjellet, og saman med det dei 144 000 som hadde namnet til Lammet og namnet til Far åt Lammet skrive på panna. Tre englar forkynner domen
6Eg såg endå ein engel, som flaug høgt oppe under himmelkvelven. Han hadde eit evig evangelium å forkynna for dei som bur på jorda, for alle folkeslag og ætter, tungemål og folk.
7Og han ropa med høg røyst: «Ottast Gud og gjev han æra! For no er timen komen då han skal halda dom. Tilbed han som skapte himmel og jord, hav og kjelder!»
8Så fylgde ein annan engel etter, og han ropa: «Fallen, fallen er Babylon den store, ho som med sitt horeliv har skjenkt vin til alle folkeslag, ein vreidevin.»
9Ein tredje engel fylgde etter dei og ropa med høg røyst: «Om nokon tilbed dyret og biletet av det og tek imot merket på panna eller handa,
13Frå himmelen høyrde eg ei røyst som sa: «Skriv: Sæle er dei døde som døyr i Herren heretter! Ja, seier Anden, dei skal få kvila frå strevet sitt, for gjerningane deira fylgjer med dei.»Den siste innhausting
14Då såg eg ei kvit sky, og på skya sat ein som var lik ein menneskeson. Han hadde ei gullkrone på hovudet og ein kvass sigd i handa.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.