Apostelgjerningane 15 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Møtet i Jerusalem

1Så kom det nokre ned frå Judea og tok til å læra brørne: «Dersom de ikkje fylgjer den skikken vi har frå Moses, og lèt dykk omskjera, kan de ikkje verta frelste.»

17så alle andre menneske kan søkja Herren,

alle folkeslag som mitt namn er nemnt over.

Så seier Herren som gjer dette,

18det som er kjent frå æve av.

19Difor meiner eg at vi ikkje skal laga vanskar for dei heidningane som vender om til Gud.

20Men vi skal skriva til dei at dei skal halda seg frå det som er sulka med avgudsdyrking, frå hor, frå kjøt av dyr som er strøypte, og frå blod.

22Då vedtok apostlane og dei eldste, saman med heile kyrkjelyden, å velja ut nokre menn og senda dei til Antiokia i lag med Paulus og Barnabas. Dei valde Judas, som vart kalla Barsabbas, og Silas; begge desse var vørde menn mellom brørne.

23Med dei sende dei dette brevet:

Apostlane og dei eldste, brørne dykkar, helsar brørne av heidningætt i Antiokia, Syria og Kilikia.

24Vi har fått høyra at nokre som kom frå oss, har gjort dykk rådville med orda sine og gjort dykk urolege. Frå oss har dei inga fullmakt.

35Men Paulus og Barnabas gav seg til i Antiokia og lærte og forkynte Herrens ord saman med mange andre.

Paulus på andre misjonsferda(15,36–18,22)Paulus og Barnabas skil lag

36Då det leid av ei tid, sa Paulus til Barnabas: «Lat oss fara attende og vitja brørne i alle dei byane der vi har forkynt Herrens ord, og sjå korleis det går dei.»

37Barnabas ville ta Johannes med, han som dei kalla Markus. 12,12+

38Men Paulus meinte at dei ikkje skulle ta han med, han som hadde skilt lag med dei i Pamfylia og ikkje hadde fylgt dei i arbeidet deira. 13,13

39Det vart ein kvass strid mellom dei, og dei skildest frå kvarandre. Barnabas tok Markus med seg og siglde til Kypros.

40Men Paulus valde Silas til fylgjesvein, og då brørne hadde gjeve han over til Herrens nåde, drog han av stad. 14,26

41Han la vegen gjennom Syria og Kilikia og styrkte kyrkjelydane der.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help