1De skal seia til brørne dykkar: «mitt folk» og til systrene dykkar: «du som har fått miskunn».Israels utruskap
2Før klagemål mot mor dykkar,
før klagemål mot henne!
For ho er ikkje kona mi,
og eg er ikkje mannen hennar.
Lat henne få horemina bort frå andletet
og horemerket frå barmen!
3Elles skal eg kle henne naken
og stella henne fram som ho var
den dagen ho vart fødd.
Eg vil gjera henne lik ei øydemark, eit turrlende,
og la henne døy av torste.
4Borna hennar vil eg ikkje miskunna,
for dei er horeborn.
5For mor deira var utru,
ho som fekk dei, bar seg skamleg åt.
Ho sa: «Eg vil fara etter mine elskarar,
som gjev meg brød og vatn,
ull og lin, olje og vin.»
6Sjå, difor vil eg stengja
vegen for henne med klunger.
Eg reiser ein mur framføre henne,
så ho ikkje finn sine stigar.
7Når ho renner etter sine elskarar,
skal ho ikkje nå dei att;
når ho leitar etter dei,
skal ho ikkje finna dei.
Då skal ho seia: «Eg vil attende
til min fyrste mann,
for eg hadde det betre då enn no.»
8Ho skjøna ikkje at det var eg
som gav henne kornet, vinen og oljen,
som gav henne sølv og gull i mengd,
som dei bruka når dei dyrka Ba'al.
9Difor vil eg ta att kornet mitt, når den tid kjem,
og vinen min, når tida er komen.
Eg vil ta bort ulla mi og linet mitt,
som skulle løyna hennar nakne kropp.
10No vil eg kle henne naken
beint for augo på hennar elskarar,
og ingen skal fria henne ut or mi hand.
11Eg gjer ende på all hennar glede,
hennar festar, nymånedagar og sabbatsdagar,
alle hennar høgtider.
12Eg øydelegg hennar vintre og fikentre.
Om dei har ho sagt: «Dei er mi løn,
som mine elskarar gav meg.»
Eg gjer dei til villskog,
og dyra på marka skal eta dei.
13Eg krev henne til rekneskap for dei dagar
då ho brende offer for Ba'al-gudane,
pynta seg med ringar og kjeder
og gjekk etter sine elskarar,
men gløymde meg,
lyder ordet frå Herren. Gud tek Israel til nåde att
14Sjå, eg vil lokka henne, føra henne ut i øydemarka og tala venleg til henne.
16Den dagen, lyder ordet frå Herren, skal ho kalla meg sin mann; ho skal ikkje lenger kalla meg sin Ba'al.
17Eg vil ta Ba'al-namna ut or munnen hennar; dei skal ikkje nemnast meir.
18Den dagen vil eg gjera ei pakt for dei med dyra på marka, fuglane under himmelen og kreket på jorda. Boge, sverd og andre krigsvåpen vil eg bryta sund og rydja ut or landet, og eg vil la deg bu trygt.
23Eg vil så Israel ut i landet og miskunna meg over 'Utan miskunn'. Til 'Ikkje mitt folk' vil eg seia: «Du er mitt folk.» Og han skal svara: «Min Gud!»
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.