1Så fór David opp derifrå og heldt til i fjellborgene ved En-Gedi.
2Då Saul kom heim etter hærferda mot filistarane, fekk han vita at David var i øydemarka ved En-Gedi.
3Då tok han med seg tre tusen mann, som han hadde valt ut or heile Israels-folket, og drog av stad og ville leita etter David og mennene hans austanfor Steinbukk-hamrane. 26,2
4Og han kom til sauekveene attmed vegen. Der var det ei hole, og dit gjekk Saul inn i eige ærend. Men inst i hola sat David og mennene hans.
5Då sa mennene åt David til han: «No er den dagen komen som Herren hadde i tankar då han sa til deg: Eg skal gje fienden din i di hand, så du kan gjera med han som du vil.» Så reiste David seg og skar ein snipp av kappa til Saul utan at han merka det. 26,8
6Men sidan fekk David vondt samvit, fordi han hadde skore snippen av kappa til Saul, 2 Sam 24,10
7og han sa til mennene sine: «Herren fri meg frå å gjera slikt mot herren min, mot Herrens salvevigde, og leggja hand på han! For han er den som Herren har salva.» 26,9.23; 2 Sam 1,14
8David tala mennene sine til rettes og gav dei ikkje lov til å ta på Saul.
Då Saul gjekk ut or hola og ville fara sin veg,
9reiste David seg, fylgde etter han og ropa: «Herre konge!» Saul såg attom seg. Då bøygde David seg med andletet mot jorda, kasta seg ned
10og sa: «Kvifor høyrer du på folk som seier at David prøver å gjera deg vondt?
11I dag har du då med eigne augo sett at Herren gav deg i mi hand i hola. Dei rådde meg til å drepa deg. Men eg sparte deg, for eg tenkte: Eg vil ikkje leggja hand på herren min; for han er den som Herren har salva.
12Sjå her, far, her har eg snippen av kappa di i handa! Når eg skar denne snippen av kappa di og ikkje drap deg, må du då sjå og skjøna at eg ikkje emnar på noko vondt eller på svik. Og eg har ikkje forbrote meg mot deg. Men du er etter meg og vil ta livet av meg. 20,1
13Herren skal døma mellom meg og deg; han skal gje meg hemn over deg, men eg vil ikkje leggja hand på deg. 1 Mos 16,5+; Sal 35,23+
14Det er som dei seier med eit gamalt ord: Av vonde er vondt ventande. Men eg legg ikkje hand på deg.
15Kven er det Israels konge er ute og leitar etter? Kven er det du forfylgjer? Ein daud hund, ei einsleg loppe! 26,20; 2 Sam 9,8
16Så skal då Herren vera domar og døma mellom meg og deg. Han skal sjå til å føra mi sak og hjelpa meg til min rett mot deg.»
17Då David hadde tala desse orda til Saul, sa kongen: «Er det du som talar, David, son min?» Så sette han i og gret 26,17
18og sa til David: «Du er betre enn eg, for du har gjort godt mot meg, endå eg har gjort vondt mot deg.
19I dag har du synt meg kor god du er mot meg; du drap meg ikkje då Herren hadde gjeve meg i di hand.
20Kvar er den mannen som kjem over fienden sin og lèt han fara sin veg i fred? Gjev Herren må løna deg for det du har gjort mot meg i dag!
21No veit eg at du skal verta konge og halda kongedømet over Israel fast i di hand. 13,14
22Så sver då ved Herren at du ikkje vil rydja ut etterkomarane mine og ikkje stryka ut namnet mitt or farsætta mi!»
23Det svor David på. Så fór Saul heim att, og David og mennene hans gjekk opp til fjellborga.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.