1Til korleiaren. Etter «Mut labbén».
Ein Davids-salme.
2Eg vil takka deg, Herre, av heile mitt hjarta
og fortelja om alle dine under.
3Eg vil gleda og fagna meg i deg
og lovsyngja ditt namn, du Høgste.
4For mine fiendar drog seg tilbake,
dei snåva og gjekk til grunne for ditt åsyn.
5Ja, du har ført mi sak og min strid,
har sett deg på trona, du rettvise domar.
6Du truga folkeslag, gjorde ende på dei vonde
og strauk ut deira namn for evig.
7Fienden er ferdig, øydelagd for alltid;
folket dreiv du ut or byane,
og ingen minnest dei meir.
8Herren tronar til evig tid,
han har reist sitt domarsete.
9Han dømer verda med rettferd,
feller rettvis dom over folkeslag.
10Herren er ei borg for dei trælka,
ei borg i trengselstider.
11Dei som kjenner ditt namn, lit på deg,
for du sviktar ikkje dei som søkjer deg, Herre.
12Syng for Herren, som bur på Sion,
kunngjer hans storverk mellom folka!
13Han straffar dei som er skuldige i drap,
men tek seg av dei hjelpelause
og gløymer ikkje deira skrik.
14Ver meg nådig, Herre, og sjå den naud
som mine fiendar har valda meg.
Du fører meg opp frå dødens portar,
15så eg kan fortelja om alle dine storverk
og jubla over di frelse i Sions portar.
16Folkeslag sokk i den grava dei grov,
deira føter vart fanga i garnet dei sette.
17Herren openberra seg og heldt dom;
dei gudlause vart fanga i si eiga gjerning. Higgajon Sela
18Til dødsriket skal dei gudlause fara,
alle folkeslag som gløymer Gud.
19Men dei fattige vert ikkje gløymde for alltid,
dei hjelpelause er ikkje for evig utan von.
20Reis deg, Herre!
Lat ikkje menneske få makta,
lat folkeslag få sin dom for ditt åsyn!
21Set redsle i folka, Herre,
så dei skjønar at dei berre er menneske. Sela
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.