Jesaja 26 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Takkesong

1Den dagen skal dei syngja

denne songen i Juda:

Vi har ein sterk by.

Murar og festningsvollar

er reiste til vern for oss.

2Lat opp portane,

så det kan dra inn,

det rettferdige folket

som held fast på sin truskap.

3Den som er fast i hugen,

han lèt du alltid ha fred,

for han set si lit til deg.

4Så lit då alltid på Herren,

for Herren er eit evig fjell!

5Han støyter ned dei som bur i det høge,

i ein utilgjengeleg by.

Han jamnar byen med jorda

og styrtar han i støvet.

6Armingar og fattigfolk

skal trakka han under fot. Lengsle og tillit i nauda

7Jamn er stigen åt dei rettferdige,

for dei rettvise banar du veg.

8Herre, vi ventar på deg

og fylgjer den veg du har fastsett.

Vi lengtar og stundar

etter deg og ditt namn.

9Om natta stundar mi sjel etter deg,

ja, ånda i meg søkjer deg.

Når dei held seg til dine lover på jorda,

lærer dei rettferd, dei som bur i verda.

10Får den gudlause nåde,

lærer han ikkje rettferd.

Han gjer urett i landet

der rett skulle rå,

og ser ikkje Herrens velde.

11Herre, di hand er lyft,

men det ser ingen.

Lat dei skjemmast når dei får sjå

din brennhug for folket.

Lat eld øyda dine motstandarar!

12Herre, du hjelper oss til fred.

For alt det vi har gjort,

det òg har du gjort for oss.

13Herre, vår Gud! Andre enn du

har hatt herredøme over oss.

Men berre deg og ditt namn prisar vi.

14Døde livnar ikkje,

daudingar står ikkje opp.

For du har kravt dei til rekneskap,

gjort ende på dei

og rudt ut kvart minne om dei.

15Du har gjort folket stort, Herre,

gjort det stort og vunne ære,

du gjorde alle landsens grenser vide.

16Herre, dei søkte deg i nauda,

og kviskra fram bøner

då du tukta dei.

17Liksom ei kvinne vrid seg og skrik

når riene kjem og ho skal føda,

så har du laga det for oss, Herre.

18Vi er som svangre og vrid oss i verk,

men det er som føder vi vind.

Vi har ikkje gjeve landet frelse,

ingen vert fødd til å bu på jorda.

19Dine døde skal verta levande,

mine lik skal stå opp.

Vakna og rop av fryd,

de som bur i molda!

For di dogg er ei lysande dogg,

og jorda gjev døde attende til livet.

20Gå inn i kovane dine, mitt folk,

og lat att dørene etter deg!

Gøym deg ei lita stund,

til vreiden går over!

21For sjå, Herren går ut frå sin bustad;

han vil straffa dei som bur på jorda,

for deira synd og skuld.

Då skal jorda la koma for dagen

det blod som er utrent der,

og ikkje lenger løyna dei drepne.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help