1Dette er dei lovene du skal leggja fram for israelittane:
2Når du kjøper ein hebraisk træl, skal han tena seks år. Men i det sjuande året skal han gjevast fri utan vederlag.
7Når ein mann sel dotter si til trælkvinne, skal ho ikkje gjevast fri liksom trælane.
8Har husbonden sett henne ut åt seg sjølv og så ikkje likar henne, skal han la henne kjøpast fri. Han har ikkje rett til å selja henne til utlendingar, sidan han har vore trulaus mot henne.
9Men har han sett henne ut åt son sin, skal han gje henne same retten som døtrer har.
10Får sonen endå ei kone, skal han ikkje la den fyrste vanta mat, klede eller ekteskapeleg omgang.
11Dersom han ikkje lèt henne få desse tre tinga, skal ho gjevast fri utan vederlag, utan betaling.
12Den som slår til ein mann så han døyr, skal lata livet.
18Når to menn trettar, og den eine slår den andre med ein stein eller med neven, så han vert sengeliggjande, men ikkje døyr,
19då skal gjerningsmannen sleppa straff dersom hin kjem opp att og kan gå ute med stav. Han skal berre halda han skadelaus for den tida han har tapt, og kosta full lækjedom på han.
20Når ein mann slår trælen sin – eller trælkvinna si – med staven sin så han døyr for hans hand, då skal mannen straffast.
21Men lever trælen ein dag eller to, skal han ikkje straffast; for trælen er hans eigedom.
22Når to menn slåst, og dei støyter til ei kvinne som er med barn, så ho misser fosteret, utan at det elles hender noka ulukke, då skal gjerningsmannen svara den skadebota som mannen hennar legg på han, og det skal gjerast hjå domarane.
23Men hender det ei ulukke, skal du bøta liv for liv, 3 Mos 24,19f; 5 Mos 19,21; Matt 5,38f
24auga for auga, tann for tann, hand for hand, fot for fot,
25brannsår for brannsår, sår for sår, flengje for flengje.
26Når ein mann slår trælen sin eller trælkvinna si i auga og skamfer det, skal han til vederlag for auga gje dei fri.
27Slår han ut ei tann på trælen sin eller trælkvinna si, skal han til vederlag for tanna gje dei fri.
28Når ein okse stangar i hel ein mann eller ei kvinne, skal oksen steinast, og kjøtet må ikkje etast. Men eigaren skal sleppa straff.
29Men var oksen olm på førehand, og eigaren ikkje såg etter han, endå han hadde vorte åtvara, og han så drep ein mann eller ei kvinne, då skal oksen steinast, og eigaren skal òg døy.
30Vert han ilagd ei bot, skal han betala så mykje i løysepengar for livet sitt som dei krev av han.
31Er det ein gut eller ei jente oksen stangar, skal dei fara fram etter same lova.
32Er det ein træl eller ei trælkvinne oksen stangar, skal eigaren gje husbonden deira tretti sekel sølv, og oksen skal steinast.
33Når ein mann lèt ein brunn stå open, eller grev ein brunn og ikkje tekkjer over, og ein okse eller eit esel dett nedi,
34då skal den som eig brunnen, gje vederlag for det; han skal gje pengar til den som åtte dyret, men det daude dyret skal vera hans.
35Når oksen åt ein mann stangar i hel oksen åt ein annan, skal dei selja den levande oksen og dela pengane, og det daude dyret skal dei òg dela.
36Men var det kjent at oksen var olm på førehand, og eigaren likevel ikkje såg etter han, då skal han gje ein annan okse til vederlag, og det daude dyret skal vera hans.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.