1Så lét han meg sjå Josva, øvstepresten, som stod framfor Herrens engel, medan Satan stod på høgre sida hans og førte klagemål mot han.
4Og engelen sa til dei som stod framfor han: «Ta av han dei skitne kleda!» Til Josva sa han: «Sjå, eg tek bort syndeskulda di og kler deg i høgtidsbunad.»
8Høyr no, Josva, øvsteprest!
Du og embetsbrørne dine,
som sit framføre deg,
de er varselsmenn.
For sjå, eg lèt min tenar Renning koma.
9Ja, på den steinen eg har lagt framfor Josva,
på denne eine steinen med sju augo
ritar eg den innskrift som skal stå,
lyder ordet frå Herren, Allhærs Gud.
På ein einaste dag vil eg ta bort
den skuld som kviler på dette landet.
10Den dagen, lyder ordet frå Herren, Allhærs Gud,
skal de be kvarandre til gjestebod
under vintre og fikentre.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.